1956. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfiske M/S «Osnes»

Klargjering i januar. Leiv Myklebust skipper, Ivar Ødegård bestmann. Nye var Johannes Aarskog og Hilmar Slettelid. Første silda tok vi utfor Ulla, ganske nær land. Det var stor sjø, men spak vind. Vi lasta i eitt kast. Dette året tok vi all silda mellom Måløy og Ona. Vi leverte ikkje sild sør om Måløy eller nord om Romsdal. Fisket var godt, men det stod kort på. Vi hadde fleire lastar ved Storholmen. Kasta på same plass, tett nord for fyret. Det var siste året med rikeleg sild. Men floten blir større kvart år. Siste fangsten leverte vi den 22. mars. Det blei ein svært bra tur. Totalkvantum 28200 hl.

Torsketur Grønland M/S «Osnes»

Avgang i slutten av april. Leverte ein del der borte. Seinare fiska vi for heimtur. Dei dreiv delvis juksafiske. Kom heim i slutten av august. Det blei ein bra tur. Det var siste gongen Osnes gjekk til Grønland med line. Det vart slik. Det vart vanskeleg å få bevande fiskarar på dei mindre båtane.

Om hausten låg Osnes ved Holen notbøteri for pussing. Verkstedet til Robert Nymark låg like ved. Det vart brukt til diverse reparasjonar. Det vart no bestilt trålutstyr til båten, til bruk til etter sildefisket neste år.