Vekkreist frå Vartdal – Arne L. Erdal


Arne Larsson Erdal (1844-1929) var fødd på Indre Standal, mora Ingeborg var frå ØyaPe-garden. Begge foreldra var hjørundfjordingar, faren frå Rise. Etter giftarmål i 1847 var dei to på jakt etter levebrød og framtid. Lars og Ingeborg fekk rydde Fonnaplassen, nokre hundre meter inna i tunet på Erdal-garden. Korleis dei hamna i Erdalen er ukjent, ein merkar seg berre at Festøy-Kari var syster til Ingeborg. Oktober 1859 vart Arne konfirmert i Borgund kyrkje, han må då ha vore i teneste einkvan staden i Borgund. Våren 1861 døydde Lars på Fonnaplassen ifrå kona og ein barneflokk på seks, Arne den eldste i flokken.

Vinteren 1865/66 var Arne «Tjenestekarl» hos Ola i Ivagarden Volle. Arne må ha vore evnerik og vist framtak. Vinteren 1869/70 var han elev ved Sund Folkehøgskule i Stjørdal i Nord-Trøndelag. I dei dagar var det høgst uvanleg vartdalingar sikta mot vidare skulegang. Korleis han fekk råd til å gjennomføre skulen er ukjent, fleire kan ha ytt sitt til at han fekk gå skule. I 1875 var Arne handelsbetjent på Hareid, budde hos enkja etter den utflytta erdalingen Elias Olsson Erdal (ikkje slektning). Litt seinare gifta Arne seg med Henrika/Marie Jakobsdotter Sulebust, busette seg på eit av bruka på Hovden i Hareid.

Våren 1885 lyste han garden ut for sal, selde garden og den femteparten han eigde i Hareide Guanofabrik. Arne og familien flytta til Nordland, til garden Helnes i Leiranger. I 1894 skreiv han ein artikkel i Norsk Landmandsblad om skattleggjing av og skattetrykk mot bøndene. År 1898 stilte han seg i spissen for Leines gjensidige brandassuranceforening. Same året fekk han stipend frå landbruksselskapet i Nordland.

Frå 1904 var han medlem i heradsstyret for Lødingen. I 1908 fekk han kr 50 i «Præmie for god Gjødselbehandling» frå landbruksselskapet i Nordland. År 1927 kjøpte sonen Jakob Erdal garden Øvre Liaset i Hareid, Arne flytta då dit. Hausten 1929 døydde Arne L. Erdal i Borgund.