Ørstingane vil ikkje ha bil frå Vartdal

Ørsta heradstyre handsama på møte i går ein søknad frå Ole Myklebust, Vartdal, um køyreløyve med bil i rute Vartdal–Ørstavik med avgang frå Vartdal laurdags kvelden kl. 17 og frå Ørstavik måndags morgonen kl. 7. Heradstyret hadde fått søknaden frå Møre fylkes vegstell til fråsegn.

Ordf. las op søknaden og meinte han burde sendast tilbake utan merknad, slik som ein vel vanleg gjer med slike søknader.

Moene: Detta var noko til rute. Vil han kome hit laurdag og reise heimatt måndag? Han vil altso halde helg her då.

Ørstavik: Han vil vel hit og høyre på oss, sidan det ikkje hev vorte noko av med denne ekspedisjonen vår. Men han nemner ikkje noko om kor langt nord han vil køyre heller, berre at han køyrer herifrå kl.7. Kanskje han ikkje vil heimatt?

Sandvik meinte det vilde vere bra for nøre Stranda um ei rute kom i gang, men ein måtte få andre rutetider.

P. Øie, Nils Nupen o.fl. vilde røyste for at heradstyret nektar denne ruta, både avdi søkjaren ikkje har bil som høver og avdi vegen mellom Ørsta og Vartdal ikkje toler rutetrafikk.

Moene: Ja, iallfall må vi få greie på kva han vil gjere her sundagane. Er det so at han er skomakar? Han kan vel ikkje vilje ta med seg lestesekken og bøte skor her? Det høver heller ikkje med helga….

N. Nupen: Han har vel heller tenkt å konkurrere med ørstingane om sundagskøyringa.

Samrøystes vedtak: Heradstyret kan ikkje tilråde søknaden.

Sunnmørsposten, 12. april 1934.