Vintersildfiske M/S «Osnes»
Klargjering i januar. Skipper Leiv P. Myklebust. Leif L. Myklebust bestmann. Fire frå Færøyane var med på denne turen. Første fangsten den 18. januar, tatt utanfor Kråkenes. Fisket denne vinteren føregjekk mellom Florø og Ona. Vi leverte ikkje sild sør om Florø. Det var godt vêr og ein hektisk sesong. Det blei ein brukbar tur. Kvantum 20.700 hl. Slutta turen 24. mars.
Denne vinteren leigde vi og heldt sildebruk til M/S «Altenfjord» frå Nordland. Skipper Johan J.N. Vartdal, bas Petter P. Sætre. Det vart ein brukbar tur. Hugsa ikkje kvantum.
Grønlandstur M/S «Osnes»
Avgang i midten av april. Fisket var godt. Det vart drive ein del juksafiske på grunn av at fisken kunne stå oppe i sjøen. Dei kom heim i slutten av juli med last i båten. Det vart ein brukbar tur.
Torsketur Island M/S «Osnes»
Skipper var Alfred Pilskog. Mannskapet vart stort sett det same. Einar Kristoffersen var ny. Avgang først i august. Det var på Aust- og Nord-Island dei brukte. Fisket var labert. Dei kom heim i slutten av september. Det vart ein middels tur.