Folk frå fortida – Emil Vartdal

Emil Vartdal (1895-1977) arbeidde på sjøen frå unge år. I 1916 var han mannskap på dampskipet Vigra, eit farty i fraktfart. Han utdanna seg til styrmann, og var i lang tid skipper om bord i Møre og Romsdal Fylkesbåtar.

Emil har ført mange av dei eldre fylkesbåtane frå dei inste fjordarmane til dei ytste øyane utan eit einaste uhell. Siste båten han hadde var Råna som gjekk i rutefart Festøy-Vartdal-Hareid og attende. Ferja gjekk også Festøy-Sunde. Etter kvart som ferdsla auka på den siste ferjestrekninga, blei det mange lange dagar og mang ein hard tørn.

Der finst ikkje den kai han har lagt båten til, anten det no er ved Satten [sic] eller i Nordmørsfjordane. Det mest sermerkte ved han er utan tvil den kalde og rolege måten han tek all ting på. Vi hugsar godt turane over Flisfjorden for få år sidan. Det var vesle Råna som trafikkerte ruta med Emil på brua. Alle skulle vera med over fjorden og den vesle farkosten la seg over så det gjekk kaldt nedetter ryggen på ein og kvar. Folk snakkar enno om den tida og den kalde og rolege skipperen. I 1951 vart det avisskriveri om ein slik tur, noko som førte til at Emil svarte på kritikken, og karakteriserte skriveriet som slarv.

Etter Råna grunnstøytte ved Sunde i august 1952, vart han heimkalla frå ferie for å overta styringa om bord.

For nokre år sidan år sidan slutta han det omflakkande livet med fylkesbåtane og slo seg ned heime for godt. Nå rusta han seg ut med all slags vegn for heimefiske. Han kan koma att frå sjøen med opptil 70-80 torskar og opptil 10-15 pjakkar og laksar om sommaren.

Han likar også ferdast i fjella. Fjellsterk som han er har han også henta heim mange sauer frå skorfeste. Ein gong måtte han jamvel nytta øksa for å hogge troppesteg i fjellet for å berga nokre bukkar ned frå bratta. Nå ein dag var syttiåringen oppe på det tusen meter høge Vartdalshornet på saueleiting. (Granne i Sunnmøre Arbeideravis, 7. oktober 1965.)

I dei siste åra har helsa svikta noko. Han har bygt seg ei koseleg hytte og som den friluftsmann han er vil det nok ofte verta turar dit opp. (SA1. oktober 1965.)

Emil Vartdal var sist sundag oppe i Årskogfjellet for å hente ned tvo tviburdsauer som var komne opp i bratta til svært farleg mark. Det var stor fonnfåre med all nysøen. Då han var komen over sauene og var på veg nedetter mot skogen med dei, losna fonna frå røra 4-500 meter lenger oppe. Sauene kom seg fort unna, men Vartdal måtte søkje ly på staden, og to fonner med snø, stein, grus og jord gjekk over der han låg. Etter at fjellet hadde lagt seg til ro, fekk Vartdal eit svare strev med å kome seg nedatt. (SA 29. juni 1959.)

Emil var gift 1918 med Laura P. Hagen frå Kråksethagen på Grytastranda i førverande Borgund kommune. Dei vart foreldre til Per, Margit, Peter og attpåklatten Elsa. I 1925 fekk Emil frådelt ei markebot av Nilsgarden Nørevartdal, tett innåt Årskogvegen. Her i Gjerdet ved Storelva fekk Emil reist eit bustadhus som står der den dag i dag, hundre år seinare.

Emil Vartdal i 1918. Foto: Enok O. Simonnæs. Kjelde: fylkesfotoarkivet.mr.