Jakob Andersson Romestrand (1816-1883) var son til kaksen Anders Knutsson Årsæter i Follestaddalen. Anders var gift to gongar, og var far til 8 born i begge ekteskapa. Jakob var femtemann i det fyrste ekteskapet. Anders på Årsætra var ein framgangsrik bonde som kjøpte opp gardsbruk ulike stader på Søre Sunnmøre. Då sønene og døtrene voks til, fekk desse overta gardsbruka eitt for eitt. Kortegarden Romestrand kjøpte Anders i 1821 av den forrige eigaren. Han heitte Knut og dreiv Kortegarden til 1841.
Sommaren 1841 gifte Jakob, som hadde vore soldat, seg med Nille Larssdotter Fyldal, follestaddaling ho som han. Samstundes fekk Jakob skøyte på Kortegarden av faren for 250 spesiedalar. I åra fram til 1863 sette Korte-Nille til verda 8 born. Tre av sønene vart døypt Lars, men alle strauk med i barneåra. Yngste jenta døydde 16-17 år gammal, visstnok av tuberkulose. Fram til 1872 eigde og dreiv Jakob Kortegarden til eldste sonen, Anders, kjøpte bruket for 600 spd. Jakob Andersson Romestrand var medlem i Ulstein heradsstyre 1848-1851.