1954. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfiske M/S «Osnes»

Klargjering i januar. Mannskapet stort sett det same. Dei nye var Johan J. Vartdal bestmann, Bjarne Sande stuert, Jakob Oksnes, Hans Gjøsdal og Georg Sætre. Første fangsten vart tatt på Svinøyhavet 20. januar. Fisket føregjekk mykje mellom Måløy og Storholmen. Der var bra vêr og bra med sild. Det var avtak og korte vegar å gå med silda. Vi leverte ikkje sild sør om Måløy denne vinteren, men vi fiska ein god del sild utanfor Kristiansund, for Veidholmen og Titran. Det vart levert i Kristiansund. Dei var glade no når fisket tok seg opp der nord. Det hadde vore lite sild der i snart 30 år. Ei tid var det Kristiansund som var fiskarbyen.

Vi leverte siste fangsten 7. april. Totalkvantum 34.200 hl. Det var den største vintersildfangsten i mi tid. Luten var mellom 10 og 11.000 kroner.

Eg må legge til at det no veks voldsomt til med båt som deltek i fisket. Fortsette det slik, vert det ein mann og ein stakar. Beskatninga er òg vel stor. Silda gyt berre på nordlege felt, ikkje på Haugesund, som før.

Linetur Grønland M/S «Osnes»

Avgang i slutten av april. Skipper Leiv Myklebust. Mannskapet var det same. Fire mann frå Færøyane. Fiska for levering i Færingehavn. Seinare for last til heimtur. Prisen på saltfisk i Norge var kr 1,45 pr kilo. Turen var brukbar. Om hausten låg båten på verkstad.