Andreas Masson Romestrand (1845-1923) var fødd og oppvaksen på Rotnes. I 1875 gifta han seg med Marte Jakobsdotter Romestrand frå Kortegarden. Året etter fekk han skøyte på Rotnes-garden, sådde hamlekorn og havre, planta 2 tønner poteter og 0,04 dekar med rotfrukter. Han fora ein hest, 9 mjølkekyr og 15 sauer. I 1884 selde han farsgarden og kjøpte Kortegarden Romestrand for kr. 3500. År 1913 skøytte han frå seg garden til Knut Romestrand, bror til den då avlidne kona hans. Andreas og Marte hadde ikkje etterkomarar, så då Andreas døydde vart det halde dødsbuauksjon på Romestrand fredag 22. juni 1923 frå klokka 9. Mellom anna «2 kjyr, 4 sauer med lamb, sengklær, gangklær, bord, stoler, senger, 11 sildegarn, 12 torskegarn, kveiteliner» vart bortauksjonert.