Folk frå fortida – Ole O. Kvien (1871-1945)

Ole O. Kvien (1871-1945) laut som mange andre tidleg lære å syte for seg sjølv. Han fekk seg teneste i Ulstein første året. Men sjøen lokka og drog ungguten. I fleire år var han fiskar, – til han våren 1894 reiste til Amerika. Der hadde han mange arbeid, og kom saman med folk frå ymse land – ei lærerik tid – etter som han sjølv ein gong sa. Det var visseleg i den tida han fekk det vidsyn som har merkt hans livsføring seinare.

I 1903 kom han heim ved juletid. Åra utetter dreiv han sjøen, først som fiskar, seinare som skyttar på ishavet. Men då dei ein gong ombord kom i beit for stuert, tok han på seg den jobben, og vart så vel omtykt som kokk at han i fleire år stelte i byssa. Han har òg vore bestemann, ja endåtil maskinist. Ein meir allsidig mann er vel ikkje ofte å finne. Dei siste åra dreiv han fiske på ein motorbåt som han sjølv åtte lut i. Siste åra har han vore vegvaktar, eit arbeid han utførte etter beste skyn.

Ola Kvien er altså ein mann som har sett mangt og røynt mykje, noko ein snart legg merke til, når ein får ein samtale med han. I det daglege liv er han stillfarande. Det har gjort at han har fått mange vener… Kvien er framleides frisk og før. Ofte kan du finne han fiskande på sjøen, eller du råkar han i vedskogen. S. i Sunnmørsposten 28. mars 1941.

Ole var son til Ole Olsson og Karen Massdotter Kvien i Olagarden. Han var gift 1893 med Oline Rise (1860-1944) frå Hareid. Dei vart foreldra til Karen f. 1893, gift med Johan Grøvik i Ørsta. I 1907 bygde Ola stovehus i Myrane på Sætre på eit stykke som tilhøyrde Larsgarden, seinare frådelt som bruksnummer 12 under Sætre. Her budde han og kona resten av livet. Stova deira vart i 1948 riven og sett oppatt i setermarka framme i Årsetdalen, og går no under namnet Husmorhytta.