1953. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfiske D/S «Osnes»

Det var ein dårleg vintersesong, og eit særs dårleg vêr. Første fangst var den 31. januar. Den blei tatt utfor Måløy. Vi var ikkje sør om Florø denne vinteren. Mest sild tok vi i Måløy-distriktet. Eg hadde vore bas i 17 år og var vant til å kjenne silda på snora. Fekk då kjenne tettleiken på stimen. Eg hadde lett for å stikke ut snora for å kontrollere sildemassa. Men då kom der ein som ikkje hefte seg med det og tok kastet frå deg. Eg var ikkje åleine om det. Der var eldre basar som var ute for det same. Men av skade blir ein klok. Siste fangsten tok vi 13. mars. Kvantum 6500 hl, det var det minste eg hadde slutta med i mi tid som bas. Stormvinteren hadde vel skulda for det.

Grønlandstorskefiske med M/S «Osnes»

Etter turen var ferdig, var det klargjering for linefiske til Grønland. Lei Myklebust var skipper, Petter P. Sætre bestmann. Der var 3 mann frå Færøyane. Det hadde no kome ein del frå Færøyane som fiskarar på norske båtar. Færøyværingane er flinke fiskarar.

Båten kom i godt fiske. Ei kort tid etter leverte dei 60 tonn i Færingehavn. Eg fekk utbetalt 40.000 kr. Det var godt å motta etter ein laber vintersesong og etter å ha kosta so mykje på båten. Vi leigde M/S «Rognefjell» til Island med garn. Dei fekk last, og det vart ein brukbar tur. «Osnes» kom heim frå Grønland med 12 tonn kveite og 90 tonn torsk. Prisen var 1,40 pr kg torsk og 4,00 for kveite.

Linefiske Finnmark med M/S «Osnes»

Om hausten gjekk «Osnes» ein tur til Finnmark. Dei isa fisken i kasser og leverte fersk i land. Slutta nærmare jul, det var ein brukbar tur.