hender vel eit og anna, endå blada skriv lite um det.
Me hev både heradsstyre og andre styre, men kva dei styre med, veit me veljarane lite um. Ordføraren hev meldt litt frå heradsstyremøte i det siste; men frå dei andre styre er umlag inkje skrive i avisone. Dei tykkjer vel at når dei sjølve veit det, er det nok. Eit kyrkjeråd hev me òg. Me fær vel snart vite kven som er med der. –
Presten vår hev vore sjukleg i sumar so det hev vore fåe preike; men i jola hev det vore bra. Me hev endå havt preike 1ste joledag for fyrste gong, og då var kyrkja fullstappa av mest berre vartdalstrandingar. Det var kanskje av glede over å få preike ein 1stedag at dei ofra 523,40 kr. til heidningemisjonen eit herad på knapt 900 ibuarar.
Då Ørsta og Vartdal kom ilag, vart det fastsett at Ørsta skulde ha preike kvar fyrstedag og Vartdal kvar 2dre. I år let Ørsta oss få 1ste og det skal dei ha takk for. Trur det var best for båe partar at dei skiftest åt, so fikk me ikkje preike same dag år etter år.
Sundag etter jol hadde me vespergudstenest med vekselsong og anna som høyrer til. Det var høgtidsamt og og folk likte det godt. Presten vår kann ’kje berre preike – og det på godt landsmål -, men han kann syngje òg, Barstadvikkoret song.
Men vèret! Kva skal me segja um det! Vert det påskevetter som det hev vore jolesumar, fær me vel mange sopte kræer. Den utvaska markja og åkren treng vel òg mykje kjøpetad.
R.O.
(Søndmørsposten 6. januar 1925)