Folk frå fortida – Eline J. Vartdal

Eline J. Vartdal (1851-1948) har vore ei høgreist kvinne – både lekamleg og åndeleg. Visstnok var ikkje skuleopplæringa stor – nokre veker omgangsskule for året – der borna og skulemeisteren hadde ei side i stova og husfolket med sitt arbeid den andre; – men grunnlaget vart no lagt. Dei siste åra hadde ho visst Martinus Bjørndal til lærar, fyrste læraren her med lærarskule-undervisning. Det er fortalt om han, at han tok til med anskuleses-undervisning, han lånte seg eit trånyste med kvinnfolka i huset, sette so ein blyant igjennom nystet, svinga det rundt og synte at jorda gjekk rundt. Truleg hjelpte det på lærdomen at hom vaks opp i ein heim der det etter den tid var lese mykje. Ja, til med aviser, og mange kom og gjekk der i heimen for å få råd og hjelp hjå far hennar.

Då ho var eldste dotra i huset og ikkje hadde brør, var ho jordajente. I 1875 vart ho gift med Knut Stenersen, f. Masdal. Han døydde for 9 år sidan. Dei har 3 born som alle lever. Eldste sonen, Rasmus, sit i gamletunet og dotra Anna tok nytt tun på den andre halvpart av garden. Andre sonen, Sivrin, er handelsmann i Brandal.

Eline har havt sterke religiøse hugmål. Ein talar ikkje lenge med henne på tvomannshand før ein merker den store omsut ho har for at folket skal venda seg til Gudog få fast grunn under livet sitt. Misjonsarbeidet har fenge hugen hennar sterkt, og Misjonstidende og Sjømannsbladet har ho i lange tider lese kvart ord i, ja, gjer det den dag i dag. Desse tvo blad har ho halde i meir enn 50 år, og støtt er ho presis med bladpengane. I mange år var ho formann i kvinneforeininga her. Eg har mange minne frå foreiningsmøtene når dei var haldne i vår stove – om eg sat i eit siderom høyrde eg den myndige røysta hennar når ho las opp or Misjonsbladet [sic] til oppbygging. Ho er endå tolleg frisk, men føtene har stivna av gikta, so ho lite vinn seg or tunet. Men der tusler ho i kring – steller for det meste seg sjølv og maten sin. Ho ser og høyrer tolleg godt og er åndsfrisk trass sin høge alder…

L.K. Grønnevet i Sunnmørsposten 3. februar 1941.