Samtale med ein grønlandsfiskar
Det må skipast apotek eller handkjøpsutsal for apotekarvarer i Asgrikohavn på Vest-Grønland. Elles er det og heilt naudsynt med eit bad til fiskarane og arbeidarar der borte. Det er berre dei færraste båtane som har bad ombord, og fiskarane treng hardt til bad når die kjem inn etter ein fire-vekers tur på feltet. Det er eit ålment ynskje dette, seier ein grønlandsfiskar, og fiskarane vonar at dei som står føre landstasjonen i Asgrikohavn gjer kva dei kan for å få det til.
Doktor på landstasjonen er sjølvsagt ein god ting, held han fram. Men det er ikkje så snargjort å få lækjar. I første omgang vil det vere eit stort framsteg å få eit
På danskestasjonen har dei alle medikament ein treng, men for å få kjøpt noko der, må ein først gå til den danske legen til gransking og helst vere sjuk. Fekk vi eit utsal i Asgrikohavn kunne fiskarane få kjøpt sårsprit, bandasjer og andre ting som trengt til sårfingrar, utan å gå vegen om om doktoren.
Var det mykje sårfingrar i år.
Ikkje verre enn det plar vere. Men det gjekk hardt på gazebind ombord i alle båtane. Fingrane var ofte så vonde at hadde ein vore i land, ville ein vore sjukmeldt. Men slikt tek ein ikkje så nøye under linefiske ved Vest-Grønland.
Korleis gjekk det med fiske-leveringane i år?
Det gjekk fint alt saman. Det vart bygt forsamlingshus, saltlager og kai i sommar, så det var store forandringar frå året før. Vi leverte fisken beinveges i lastebåten utan å vente på tørn. Var det ikkje lastebåtar inne, leverte vi fangstane på kaia. Elles var det greitt både med vasslevering og oljeforsyning.
Då gjekk det verre med potetene. Desse fekk si sende heimanfrå til kvar båt. Ein gong låg det omkring 100 sekker poteter på kaia og halvparten omlag vart øydelagt.
Korleis gjekk det på feltet? Linefisket er då sers slitsamt.
Dei aller fleste båtane gjorde det jamt over godt. Ja, linefisket er hardt, det skal vere visst, men når ein først kjem inn i rytmen så går det godt likevel. Det var 18-20 timars arbeide døgret rundt, og dei fleste båtane brukte og med helga.
Men matykta ombord i båtane er eit trist kapittel. Brukta var så hard at ein oftast fekk kokematen ut i egnarromet, og så var det å sluke han i ei fart. Det er omtrent som når ein på land kjem frå hardt arbeid og får maten opp i handa ut i bislaget! Ein bør syte for messe akterut på alle båtane, så fiskarane har ein plass å vere medan dei et. Då kan ein ta seg matykt og ete på ein folkeleg måte.
Kor mykje forteneste har karane på grønlandsbåtane i år?
Det er vanskeleg å seie med visse, men eg har inntrykk av at alle er nøgde med resultatet. Jamt over vil karane få omkring 5000 kroner, dei beste kanskje seks-sju tusen kroner. Det høyrest mykje ut. Men tenk over at dei fleste har vore borte i fire-fem månader, og dei har arbeidt rundt rekna omkring 18-20 timar i døgret. Timeløna vert då ikkje stor.
Hadde de samband med utanverda medan de var der borte.
Nei, vi var mest utanfor all sivilisasjon. Korea-krigen t.d. visste vi lite eller ingenting om. Rett nok var det einskilde båtar som kunne snappe opp litt i lufta,men det var stundom verre enn inkje. Først når vi kom inn etter ein månads tur og fekk lese Sunnmørsposten fekk vi greie på korleis det stod til både heime og ute. Men avisene var gamle før dei kom bort, så mykje hadde hendt i mellomtida. Norske radiostasjonar høyrde vi ikkje.
Velferdshuset?
Det var ikkje ferdig før på slutten av sesongen, så det var liten nytte vi fekk av det i år. Men vi set store voner til dette huset…
Til slutt kjem fiskarane inn på eit spørsmål som er svært aktuelt mellom grønlandsfiskarane.
Korleis vert det med skattelette for oss? seier han. Før vi reiste vart det ymta om at det skulle gjennomførast skattelette, nokolunde i stil med det som arbeidarane på Svalbard har. Vi trudde at dette vart gjennomført i år, men slik vart det ikkje. Det er vi svært vonbrotne for. Mange var det som hyrte seg med på dette grunnlaget. Men det var berre agn for å få oss med, seier fiskaren bittert.
Vi slit hardt om lag halve året for å skaffe landet vårt valuta, langt borte frå heimlandet og under vilkår som ein heime ikkje kan sette seg inn i. Då burde statsmaktene syne oss så pass interesse og stimulanse at dei gjev fiskarane ein rettkomen skattelette, seier fiskaren til slutt.
Sunnmørsposten, 16. oktober 1950.
Fire båtar er i helga komne heim frå Vest-Grønland. Laurdags ettermiddag kom «Solbergfjord» med 20 tonn saltfisk. I går formiddag kom «Notenes» med 30 tonn saltfisk og 15 hl tran, «Vitamin» med 30 tonn saltfisk og 5 fat tran, og «Aspø» med 25 tonn saltfisk og 5,5 fat tran. Dei andre båtane som kjem saman med «Salvator» kan ein ikkje vente heime før i slutten av veka.
Sunnmørsposten, 16. oktober 1950.