Vekkreist frå Vartdal – Karen Øvrelid

Lærarinne hev vore, fru Karen Kvien Øvrelid, er slokna, 35 år gamal… Etter at ho var ferdig frå Volda læraskule i 1912 fekk ho plass på Aksviknes[sic] barneheim ved Bergen. Me tykte det var underleg at ho med sine fine eksamen vilde ta ein slik plass – betre å ta ein lærarinnepost. Men glad som ho var i å få hjelpe dei hjelpelause borna sa ho: «Eg hev aldri angra på den tida eg var der». Sidan virka ho som lærarinne her på Sunnmøre, sist i heimbygda si på Vartdal. For um lag eit år sidan gifta ho seg og fekk sin eigen heim i Hjørungavåg. Um Karen var berre ei meining. Ho var ei framifrå dugande lærarinne, ho var eit sers godt menneskje.

I dag vart ho gravlagd på Hareide kyrkjegard. Der kvilar ho saman med sine to småborn, eit i kvar arm. I sanning eit fint fylgje på den «siste reis» for den barnegode lærarinna.

A.H. i Søndmørsposten av 15. april 1925.

Karen, f. 1889, var den mellomste av dei tre døtrene til læraren P.M. Kvien. I 1908 skal ho ha vore den fyrste som melde seg til elev ved den nyoppretta Sunnmøre ungdomsskule i Ulsteinvik. Frå vinteren 1915 var ho i sju-og-eit-halvt år den fyrste formannen i elevringen ved skulen. Etter ho i 1912 var ferdigutdanna lærar, fekk ho på ved Voll skule i Østre Gausdal, reiste i staden til eit vikariat på Jæren. 1912-13 arbeidde ho på Askviknes, ein barneheim for taterborn som Norsk misjon for hjemløse dreiv i Os i Hordaland. (I dag ein skandalisert institusjon.) 1913-17 underviste ho småskulen på Kjerstad skule i Haram. 1917-18 lærar i Hjørungavåg. Til sist lærar i Årsetdalen fram til 1924. Karen var aktiv i ymse lag og miljø. I minst seks år var ho styremedlem i Sunnmøre kristelege ungdomskrins. Sommaren 1915 gjorde ho i Skolebladet opptak om ein brevring for dei som hadde vore lærarskuleelevar samstundes med henne. 1920 vald til formann i Vartdal kommune si vanførenemnd. 1921-23 var ho formann i Årsetdalen kristelege ungdomslag. Den 5. juli 1924 gifte Karen seg med Erling Øvrelid, brukar av Larsgarden der. Bryllaupet stod på Øvrelid. Ni månader seinare døydde ho på barnseng, borna visstnok i mors liv.

Karen Kvien (sit i stolen), i lag med systrene Marta (tv) og Synneve (th). Foto frå 1906 av Stamsvig Eckroll i Ålesund.
Karen Kvien (sit i stolen), i lag med systrene Marta (tv) og Synneve (th). Foto frå 1906 av Stamsvig Eckroll i Ålesund.