1952. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfiske D/S «Osnes»

Klargjering i januar. Silda hadde kome litt seinare siste åra. Lars Liadal var maskinist og Severin Dybvik var stuert. Første silda på Svinøyhavet 19. januar. Fisket hadde gått føre seg for det meste frå Florø og nordover. Vi leverte ikkje i Bergen denne vinteren. Fisket var jamt bra, men kort og hektisk. Siste fangst var 26. mars. Kvantum var 15500 hl. Det var ein brukbar tur.

Eg må ta med eit uhell vi hadde. Vi var i ein snurpeklase nordvest av Runde. Der blei vi nedkjørt av notbåtane til M/S «Brandal». Lettbåten gjekk først ned akter, so eg fór med båten. Karl Hanken stod lenger framme i lettbåten. Han fekk tak i tauet mellom notbåtane. Eg vart liggande under notbåten. Eg fekk skyte meg ut etter botnen so dei fekk tak i meg. Lettbåten sokk, flytetankane var ikkje store nok. Det var ein stor motor. Vi hadde reservebåt ståande på Vartdal.

Innsetting av motor på Hatlø verksted

Vi kom på verkstedet 1. april. Lars Liadal var ombord. Eg var der enkelte tider. Der var mange flinke arbeidar på verkstedet. Ragnar Hatlø var formann for avdelinga som sette inn motoren. Det var ein flink kar. Motoren kom M/S «Solbjørg» med. Arbeidet med båten på verkstedet gjekk det bra med. Det var to brør Flø som utførte mykje av sveisinga. Dei var særs flinke karar. Ut på sommaren kom Erling [R.] Sætre og Leiv Myklebust om bord. Vi fekk måla og stelt til ei skute frå Rognan som heitte «Rognefjell». Dei rusta ut med garn til Island. Dei hadde full last.

Ekkolodd i lettbåten

«Osnes» gjekk på prøvetur 12. desember. Alt verka bra. Båten gjekk ein tur til Göteborg med ein last islandssild. Dette for å få tilbake tollen på motoren. Til vintersildfisket fekk vi installert ekkolodd i lettbåten. Det var svære greier. No slapp ein å styre med snora, og ein sparte seg den vittinga med strengen. Det var lettare for ein begynnar som bas. Ein slapp å setje seg inn i alle finessar med det, slik det var då ein berre benytta strengen.