Julius Kristoffersen (1888-1967) var frå Morfjord i Hadsel prestegjeld i Vesterålen. Han var den sjuande i ein syskenflokk på 10 born. I desember 1910 var han fiskar på dampskip, heldt seg heime i Morfjord. I 1914 melde han flytting frå Hadsel til Ålesund. Han var i då full sving med å inngå giftarmål med vartdalingen Vidia Årskog. Julius heldt i to-tre tiår fram som fiskar på dampbåtar heimehøyrande i Ålesund. Fram til 1921 budde ekteparet på Holen i Sula. Julius og Vidia hadde sidan heim i Ivagarden på Årskog til etter 1950. Der voks dei fire sønene deira; Kristian, Johannes, Einar og Kåre opp. Vidia og Julius budde frå 1950-talet ulike stader i Nøre-Vartdal; hos næraste skyldfolket på Hammaren, så i Lyshol-huset og til sist i Villikegarden. Midtvegs i 1960-åra fekk dei plass på Vartdal Gamleheim.
