Hansine var frå Ivagarden Romestrand. 20 år arbeidde ho som syerske i Ålesund, budde i eit forhus i Klaus Nilsensgate 13, i lag med Regine frå Hjellen på Romestrand. Frå 1912 var Hansine elev ved Volda Lærarskule til ho tok eksamen i 1915. Ho var elev på skulen samstundes med Anna Erdal, Rasmus Buset og den seinare landskjende forfattaren Inge Krokann. Hansine underviste ei tid i Flatanger på trøndelagskysten, sidan på Toftenes skule i Langenes kommune,Vesterålen frå 1917? til 1929. Gift sommaren 1919 med dampskipskaptein Halfdan Toften. Hansine vart mor til 3 born. I 1930-åra var ho medlem i skulestyret i Langenes kommune. Ho døydde og vart gravlagt i Bodin kirke i Bodø. [Historia om Øksnes-folket. 2020]

.