Vintersildfiske med D/S «Osnes»
Fisket tok til 22. januar. «Sarsen» melde silda stod 25 kvartmil frå Storholmen. Var der silda stod klokka 9 om kvelden. Det var eit svært stort sildeflak. Følgde med på ekkoloddet. Den seig på SV. Vi fekk ikkje kaste før kl 12 midnatt. Vi heldt oss i SV-kant av sildeflaket. Den var alltid best i fløyten, den som var i teten. Der var kome til ein stor flote, både drivarar og snurparar. Eg rekna med at det vart ei stor røre kl 24. Vi låra ned båtane og gjorde klar for kasting. Eg kasta 5 min. føre tida. Med det same dei fekk nota ut, kjørte eg med lettbåten sørover og stoppa drivarane som kom og sette garna. Dei slo til sides, so vi klarte å berge kastet. Vi fekk full last i båten. Måtte slepe notbåtane då båten var lasta. Det blei SO-kuling, so vi måtte gå med redusert fart på veg til land.
Fisket denne vinteren var godt. Vi var ikkje sør um Florø og leverte sild. Det var kome mange skuter som frakta sild, like til Nord-Norge. For vår del føregjekk fisket mellom Ålesund og Florø. Det vart ein bra tur. 18200 hl. Prisen dei siste åra var rundt 14 kr for vårsild og 17 kr for storsild. Siste fangsten vi hadde, var 27. februar. Siste åra hadde utvikla seg til kortare sesongar. Silda var mest på dei nordlege felt. Lite for Haugesund.
Islandssildtur D/S «Osnes»
Første tur var med not. Kom heim med last. Gjekk på ny tur. Det var med garn. Dei fekk last på denne turen òg. Det blei vanskeleg å bli av med silda. Prisen var lav. Dette blei siste året vi dreiv sildefiske med «Osnes» på Island.
Heime var eg no ferdig med løda. Vi hadde 2 kyr. Det var for det meste kona og barna som styrte med det jordiske. Vi hadde no fire barn: Svein, Reidun, Arnhild og Paul. Paul var ein månad då den eldste Paul døydde. Vesleguten var ikkje døypt, og han fekk no same namnet.
No fekk vi bestilt motor til «Osnes» for levering i 1952. Det var ein dansk 5 sylindra ALFA-motor på 340 hk. Andersen i Veritas i Ålesund teikna for ombygging til motor med tankar, bakk på båten, fryseri og delvis dubbel botn med oljetankar. Arbeidet blei sett vekk, og Hatlø Verksted fekk arbeidet.