1950. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfiske med D/S «Osnes»

Klargjering først i januar. Silda kom ikkje før i slutten av januar. Fisket gjekk føre seg frå Florø til Storholmen. Vi var visst med ein last til Haugesund. Det var godt vêr og bra fiske, det var no kome til ein stor flote. Floten voks kvart år med nye båtar. Sildeoljefabrikkane blei oppfylte, so det blei stopp i fisket. Eg trur det var ei åtte dagar det varte. Etter stoppen var det ein god dag på Goksøyrvika. Vi lasta «Osnes» og ein hjelpar. Seinare vart det dårleg vêr og lite fiske. På denne turen var desse nye av mannskapet: Johan Bjerknes, Ottar Myklebust (Barstadvik), Ragnar Raudøy og stuert Peder Iversen. Slutta turen ca. 10 mars. Kvantum 11500 hl.

Våren 1950 arbeidde eg med tomt til ei løde. Eg hadde Petter Boska til å hjelpe meg. Eg var i likningsutvalet nokre år. Vi sat tre veker om våren og likna. Eg sa det frå meg etter 6 år.

Det vart å liggje stilt med båten på grunn av at vi ikkje hadde motor. Ved Grønland var det godt torskefiske. Båtar som hadde motor kunne ta del i dette fisket, men det var ikkje råd å driv grønlandstorskefiske med stimmaskin. På Island var kolprisane høge. Vi fekk ikkje tak i motor før i 1952.

I 1950 rusta vi ut ei ny skute, «Sjannøy». Eigaren til den nye skuta var Oskar Garnes. Rederiet Osnes og rederiet Norholmen var i lag om å utruste til sildefiske. Dei hadde ein bra tur. Oskar Garnes var skipper. Det var ein drivandes kar. Han hadde delteke i allslags fiskeri, og hadde vore mykje på ishavet.