Vintersildfiske med D/S «Osnes»
Klargjering etter nyttår. Mannskapet stort sett det same. Nye var Håkon P. Myklebust og Peder A. Vartdal. Sverre Raudøy var den vinteren bas på «Bangavåg». Det var ein stormvinter, men vi sleit oss tak i ein del sild. Det var ofte spennande om ein klarte å berge kasta i dårleg ver. Vi fangsta mest utfor Florø, Måløy og nord om Stadt. For Haugesund vart det lite fangsta det året. Slutta turen i slutten av mars. Ser i boka at vi hadde netto 12.400 hl. Det vart ikkje sildetur til Island. Sildeprisen var svært lav. Kolprisen høg, Det var slik no, at ein måtte gå over til motor so snart ein kunne få tak i.
Eg bygde stovehus i 1949. Eg reiste sør til Sogn med «Osnes» og henta 45000 teglstein. Eg bygde på ein teig av farsjorda, ca 14 mål. Det grensa til sjøen, der eg bygde sjøhuset. Det var vanskeleg å få ta i murarar. Eg fekk tak i Jon Øvstegård frå Ørsta, Han hadde ein Berntsen med seg. Dei hadde muringa på akkord. Det var flinke karar, og dei kom godt ut med akkorden. Det var første huset Øvstegård sette opp, men han har sett opp mange hus på Vartdal seinare. Det var ein særdeles flink kar. Bjarne J. Sætre, grannen min, hadde trearbeidet på huset. Han hadde sett opp mange hus. Det var ein dyktig arbeidar. Huset vart ferdig, so vi flytte inn til jul. Hans Barstad, Olav Barstad og Karl Mathiesen måla alt som var innreidt. Eg sa med arbeidarane: Eg bygg når det er på det dyraste. Eg vart ikkje motsagt på det. Men det viste seg at det steig fort seinare. Huset kom på ca. 50.000 kr. Då var det ikkje innreidt ovanpå. Timebetalinga for arbeidarane var kr 2,70 for timen. Øvstegård pussa huset utvendig. Det var det 3 kr timen for.