I åra etter 1960 synest det som om nørevartdalingane var dei i Vartdal med størst interesse for sau og sauehald. Dei deltok iallfall langt oftare på småfesjå, ja, ein finn ingen dyr frå Barstadvika og Årsetdalen påmeld til småfesjåa i Ørsta i 1962, 1963 og 1968, Utan at det i seg sjølv kan reknast som manglande interesse for sau i desse to bygdene.
Likevel vågar ein slå fast at interessa for saueavl var mykje meir utbreidd i Nøre-Vartdal. Peder A. og Andreas P. Vartdal, son og far i Heimste Toregarden, stilte ut dyr ved Ørsta-sjåa både i 1962, 1963 og 1968. Til desse utstillingane avvikla i oktober månad tok dei med opp til 5 gimrar, kanskje ei søye og i 1968 risbitvêren Bjørn. Emil Vartdal, bror til nemnde Andreas, deltok i 1962 og 1963 med 1-2 gimrar. Peter E. Vartdal, son til Emil, stilte årleg med ei gimr, ein veit at i 1968 fekk Luna 2. premie. Ved same fesjået fekk også karane i Heimste Toregarden 2. premie for begge sine utstilte gimrar. Alle desse av Tore-ætt heldt sjeviotsauen for å vere den gjevaste, berre ein risbitver av rygjasau bryt dette tydelege mønsteret.
Småbrukaren Laurits O. Masdal i Nøre-Vartdal stilte ut sjeldnare og med færre dyr, både av rygja og sjeviot. Brorsonen hans, Peder R. Masdal i Andersgarden, kom i 1962 til Ørsta med rygja-gimra Rita og året etter med sjeviot-gimra Lilli. Frå dette 1962-sjået minnest Åsmund Masdal vel at faren Laurits fekk 2. premie for vêren Mons. Ivar S. Vartdal stilte i 1962 ut sjeviot-gimra Symra, samstundes som Laurits Aarskog stilte med vêren Glansen nr 1. I 1963 drog Johan O. Vartdal i Vilikegarden av gard med ein vêr og ein risbitvêr, begge rygja. Også Martin Ødegård viste ein rygja-vêr i det same sjået.
Ein legg merke til at ingen av vartdalingane stilte ut dalasau. Det kan botne i at få av sauehaldarane i bygda hadde tilnærma reinavla dyr av denne sauerasen.
Etter 1970 var det berre ørstingar som mønstra eigne sauer ved sjåa i Ørsta. Tida for fesjå, «dyrskue», var over.