Vintersildfiske D/S «Osnes». Ny radiosendar.
Klargjering over nyttår. Mannskap nesten som før. Bjarne Myklebust og stuert Peder Iversen var nye. Første fangst på Svinøyhavet, 1060 hl levert i Ålesund. Seinare var fisket utfor Måløy og Florø. Det var godt fiske. Stor flote. Vi måtte kjøre lenger med silda, til Haugesund og Stavanger. Fisket fortsette sørover for Bergen, Korsfjorden og Sirahavet. Det var ikkje mykje fangsting for Haugesund. Seinare blei det nordover til Måløy og Runde. Det var svært mykje sild dette året og bra ver. Floten voks fort kvart år. Det blei lang kjøring med silda. På Sunnmøre var det sild, både utfor land og inne i fjordane. Vi avslutta turen med 27.000 hl. Netto lut ca. 7000 kr. Etter sildefisket sette vi inn ny radiosendar. Vi klarer no å ha samband med båten på Island og fjerne farvatn.
Sildetur, Island.
Avgang i slutten av juni. Vi baserte på salting, matsjing og krydding. Fisket føregjekk mest på Grimsøyflaket. Kom heim med last i slutten av juli. Silda blei lagd på sjøhuset.
Den 27. juli hende eit sørgjeleg uhell. Eldste guten vår, Paul, datt ned frå nothenget og slo seg. Eg arbeidde på sjøhuset, og var oppe i heimen til middag. Paul sprang ned før meg. Han hadde gått opp den faste stigen og kanta ned. Vi fekk fly, og eg blei med han til sjukehuset. Han døde natta etter, berre 7 år gammal. Det var eit sørgjeleg tap. Noko slikt gløymer du ikkje heile ditt liv. Det var ein slik kvikk gut.
«Osnes» reiste på ny tur, men denne turen med garn. Dei fekk i tønnene. Kom heim først i september. Om hausten var det å stelle med vegn til vinteren.