Kristenliv i Vartdal

Vartdalstranda er to mil lang og strak bein. Bygda vender mot Storfjorden og Breisundet. Her er nordavinden frisk, og fjella høge mot sør. Difor vert skuggane djupe. Lenge høyrde Vartdal til Ulstein prestegjeld. Men Storfjorden var ofte vond å fara. Difor vart sambandet med Ulstein mindre enn godt var.

På Søre Vartdal går Årsetdalen opp. Fremste garden i dalen heite Kvien, og ligg ei halv mil frå sjøen. Her budde Kvie-Per, fødd 1840. I 1861 gjekk han Voldens høyere almueskole og vart lærar i Ulstein sokn i seks år. Seinare kom han heim att og budde på Kvien all sin dag. Frå 1868-84 var han lærar i Årsetdalen. Han heldt møte og tala til oppbygging med stor kraft i heimbygda si. Førti år gamal vart han gift med Ellen Hole frå Hjørundfjord. Ho var mykje yngre enn mannen. Før ho vart gift heldt ho på og drukna i Storfjorden. Men vart berga, og då vart ho omvend, og vart ein varm kristen. Då mannen slutta som lærar, tok ho og mannen til med sundagskule. Ho heldt seg i kammerset med dei minste, medan han var i stova med dei største borna. Men det var henne borna lika best. Ho var flink til å fortelja. På juletrefestane vart stova så full at ingen fekk gå kring treet, og ein barneflokk måtte sitja på fjøler på senga. For mange fekk den sundagskulen varig verd.

Peder Elias budde på Nøre Vartdal. Han og nokre andre vart vakte til åndeleg liv i åttiåra. Peder Elias tala ofte kring om i Vartdal sokn. Og mange fekk ei kjensla av levande kristendom gjennom vitnemåla hans. Han vart medhjelpar i kyrkja. Når han sat opp i koret kunne folk sjå korleis presten tala. Var talen god, lyfte Peder Elias andletet mot himmelen og lyste. Men var talen skral, såg han ned i golvet. Og vart det for ille riste han på hovudet. No var det Ørstaprestane som preika i Vartdal kyrkja. Og Peder Elias lika ein av dei så dårleg at han sende dottera si over Storfjorden til Hareide for at ho kunne verta konfirmert av Ulstein-presten. Det vart meste som ein vanlagnad at fleire av Ørstaprestane vart til lite hjelp for dei vakte.

I 1903 fekk Vartdal gjestingstida si. Ho kom ved misjonsprest Nilsen Lund. Vekkinga gjekk stille og djup. Mange i sine beste år kom med saman med born og unge. I bygda var ein ung mann som var så vond at folk var redde han. Stundom brukte han kniv. Då sukka mange. Gjev han vart omvend. Ein dag sat han møte og var sterkt grepen. Nilsen Lund snakk med han, og begge gjekk bak kateteret. Der bøygde dei kne og bad til Gud. Begge bad så stilt at ingen høyrde kva dei bad om. Men guten fekk eit nytt sinn, og hadde det til han døydde.

Det gjekk ei heil mannsalder før bygda fekk ei ny vekking. Ho kom i trettiåra ved Jonas Uri i Ungdomsforbundet. Men vekkinga slutta tragisk. Ein kveld skulle sokneprest Ofstad halda møte i staden for Uri. Ei sjuk kone var på møtet, og ho sa noko uviseleg. Seinare døydde ho av sjukdomen. Motstandarane gav vekkinga skulda for dette, og vekkinga stogga med ein gong.

Det har helst gått seint og seigt med å få misjonsarbeidet inn i bygda. Rett nok fekk lærar H. Vartdal skipe eit kristeleg ungdomslag for heile stranda i 1889. Men han var sjølve meir frilyndt enn kristeleg, og så vart laget det og. Difor har laget hatt mange og lange døde bolkar. Men av og til fekk det ein kveik. Og stundom vart det liv på Nøre-Vartdal når det var dødt på Søre-Vartdal, og omvendt.

1895 er eit merkeår for Vartdal. Det året heldt «Øvre Årsetdalens kvindeforening sit første møde den 25de februar i Knud Busets hus. Talrigt møde». Dette laget arbeidde for Det Norske Misjonsselskap. Året etter tok Ellen Kvien til med barnelaget «Duen» for same misjonen, og heldt det i gang til Lina Vartdal vart formann i 1912, og har vore det for det meste seinare. I tjue-åra tok «Duen» til å arbeide også for Kinamisjonen, og i seinare år har laget delt likt mellom Gamlemisjonen og Kinamisjonen.

År 1934 skipa emissær Saunes kinamisjonslag i Årsetdalen. Hans Årset vart formann. Og Knut Myklebust kasserar. Men ein mur rasa ut og begge miste livet i raset. Laget kom likevel i gang att, og siste åra har det visst arbeidt best.

På Nøre-Vartdal er det visst ikkje fullt så bra. Der tok Ivar Volle til med eit kinamisjonslag ved hundre-årsskiftet. Laget arbeidde bra i ti år. Men så vart det nedlagt. Emissær Hjelset skipa det opp att. Men det har hatt vanskeleg for å halda seg. Det har lege nede. Seinare prøvde emissær Havnegjerde på å få laget i gang att. Men det hjelpte ikkje stort, fordi ingen vil vera formann.

Enno kan det gå slik at den som har, skal få og den som ikkje har skal misse det han har. Her spørst det om offersinnet.

Or Jakob Straume si bok «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal». 1950.

Denne teksta er skriven av ein person med vaklande lokalkunnskap om Vartdal, noko ein må in mente når ein les stykket. Mykje av framstellinga ber preg av andrehands informasjon. Opplagt feil er det når forfattaren knyter Ivar Volle til bygda Nøre-Vartdal, Volle høyrde heime i Barstadvika og var aktiv der. Peder Elias Vartdal (han Osphol) hadde ikkje born, derimot var han fosterfar til Lina Nilsen frå Ålesund. Ho vart send bort i Hjørungneset til svogeren hans Osphol, og 1. november 1903 konfirmert i Hareids-kyrkja, eins åleine.