Stifta 26. mars 1916. 300 medlemmer.
Vartdal herred, daglig kalla Vartdalsstranda, er ei lang strandline omlag 35 km med dårlege vegar, og vinterstida ofte uframkomeleg. Medlemarne bur spreidt og ofte langt frå kvarandre. Likevel må det seiast etter desse umsyn har laget arbeidt godt, når noko skal nemnast, so er det: Skulebarnsgransking og tannrøkt, helsa hjå skuleborna er god. I krigens fyrste dagar laga helselaget i stand ungdomshuset i Vartdal til feltsjukehus med plass til 40 og i Barstadvik med plass til 30. Då stoda var slik i dei dagar at vi ikkje visste kva tid dette kunne trengast, vart dette gjort, men då krigen brått var slutt, kom dette ikkje i bruk. Elles hadde vi 2 førstehjelpskurs som opparbeidde sanitetsmateriell som seinare kom i bruk til Søre Sunnmøre sjukehus. Elles kjøpte vi inn 3 tønner tran som vart gitt til skuleborn og andre inntil 16 år. Mykje arbeid har vore gjort for gamleheim i Vartdal. Vinteren 1944-45 fekk vi fra Finnmark om lag 50 evakuerte som vart innlosjert hjå folk her, og helselaget har ytt dem studnad. Elles må nemnast at vi har samla inn til fangar som kom heim om lag kr. 3500,00.
Kjelde: «Norske kvinners sanitetsforening: de lokale sanitetsforeningers krisearbeid under okkupasjonsårene 1940-1945». 1947.
M.R. 20 viser til at Vartdal helselag var det 20. eldste i Møre og Romsdal fylke.
Ålesund sanitetsforening og Volda sanitetslag var dei to eldste foreiningane, stifta i 1898 og 1900 respektive.