Hans Kolbeinsson Bjørndal (1834-1904) var odelsgut og tok over drifta av farsgarden. Han fødde i 1865 hest, 8 kyr, 13 sauer og 13 geiter. Garden hadde då 15 mål åker og dyrka eng, og 71 mål england. Ti år seinare hadde dei hest, 6 kyr og 2 ungdyr, 8 sauer og 18 geiter. For å få tilstrekkeleg med vinterfór, slo dei gras høgt i bergsida. På 1880-talet vart det bygt veg til garden langs Flåskjerstranda. Kring 1892-93 frådelte den tidlegare husmannsplassen Flåvika og flytta dit 1891. Hans skreiv dagbok, ei bok som kanskje har gått tapt. Han var visstnok medlem i skulestyre, usikkert om det var før Vartdal vart eiga kommune. Hans var gift 1868 med Oline Ingebriktsdotter Sætre frå Ørsta. Han døydde i Flåvika av «vattersot og kræft».