«Osnes» vart ferdig til sildefisket. Båten blei sett i god stand. Eg måtte låne 150.000 kroner, i tillegg til erstatninga. Eg fekk tillaga mur og kai, so det var klart å sette opp sjøhus. Under klargjering til sildefisket fekk eg greie på at ein tønnefabrikk på Tjelle i Langfjorden var til slags. Eg reiste inn og kjøpte huset. Eg gjorde ein god handel. Vi vart godt hjelpte med huset til sjøbu.
Vintersildfiske med «Osnes»
Til vintersildfisket fekk vi ekkolodd på «Osnes». Dessutan fekk vi motor i lettbåten. Eg tek med mannskapslista: LeiV P. Myklebust skipper, Bjarne P. Sætre bas, Petter P. Sætre bestmann, Elling Myklebust maskinist, Sverre Juliebø assistent, Severin Dybvik stuert. Fiskarar: Sverre Raudøy, Nikolai Halse, Harald Aam, Leif Moldskred, Einar Remmen, Odd Bjørndal, Olav H. Vartdal, Leif L. Vartdal, Sverre Myklebust, Reidar P. Sætre, Andreas A. Eikrem, Edvin Sørheller, Hans Sørheller og Karl Hanken.
Fisket starta utfor Svinøya i slutten av januar, og vi lasta første natta. Seinare blei det sørover til Bualandet og vidare utfor kysten det føregjekk. Det vart mykje levering i Bergen, ein del i Haugesund. Det var mest for Måløy og Stadt, lite for Haugesund. Vi avslutta først i april. Det var godt ver denne vinteren. Kvantum 17.200 hl. Luten ca. 6000 kroner. Ein bas hadde til vanleg 4 luter, sume meir. Skipperen hadde 3-4% og maskinisten hadde fast hyre.
Etter at turen var slutt, blei båten liggande still til islandssildfisket. Etter vintersildfisket gjekk eg inn i Romsdalen og henta sjøhuset. Eg hadde med 5 mann. Karl H. Sætre, som skulle sette opp huset, var med. Det var ganske greitt å ta det ned, og vi tok om bord etter kvart som vi reiv. Kaia og fundamentet stod klart. Sjøbuda vart oppsett i same grunnvidde som den hadde vore, så det gjekk fort å sette den opp. Seinare sette vi opp nothenge ved sida av sjøbuda.
Islandstur med «Osnes»
Leiv P. Myklebust var skipper, Petter P. Sætre bestmann, elles det same mannskapet som før. Vi rusta ut ein båt frå Godøy, M/S «Havbris». Lars Bortne var bestmann og bas. Skipper Andreas Strandkleiv var ny i islandsdrift. Båtane samarbeidde. «Osnes» kom heim med 800 tønner. Reiste på ny tur og fekk last i begge båtane, 800 tønner i kvar. Turen var brukbar.
«Osnes «vart lagd still. Eg var i arbeid med notbåthuset. Det var ikkje lett å få tak i den vegna ein hadde bruk for. Eg reiste saman med oppsynssjef Andreas Giske til Bergen og sat og fordelte vegn for store delar av kysten. Det deltok folk frå kysten lenger sør òg.