1946. Av Bjarne P. Sætre

Eg kom til å bli bas på «Senior» i 1946 òg. Elles var eg på verkstedet og hadde tilsyn med reparasjonen på «Osnes». Eg leigde med meg 2 mann og renska båten for alt som skulle på land. Romet var innreidd til lugara og diverse. Det var påsett trebakk på baugen med kanoner på. På galgedekk var eit stort hus. Eg var også i arbeid med å lage til mur for bygging av sjøhus. Det blei lagt i land mykje material eg kunne bruke. Notbåthuset vart oppsett av denne materialen. Det var vanskeleg å få tak i material etter krigen. M/S «Senior» vart gåande i fraktefart for å bringe material til oppattbygginga av Finnmark. Alf var skipper på «Senior».

Vintersildfisket med «Senior». Ekkolodd.

Mannskapet på «Senior» vart stort sett det same. Fisket tok til på Svinøyhavet først i januar. Fekk 1000 hl første natta. Neste fangsten tok vi på innsida av Svinøya, det vart bra last. Det var bra med storsild. Vårsilda starta ved Sirahavet utfor Kvitsøy, delvis for Bokn og Ryfylkefjordane. Midt i turen fekk vi installert ekkolodd. Det var svære greier å leite opp silda med. Vi avslutta turen i slutten av mars. Eg hugsa ikkje kvantum, men det var ein svært god tur. «Senior» var då ein av dei største snurparane, og gjorde svært god fart. Dei sa vi innehadde «Det blå bånd» på feltet.

Etter heimkomst var eg mykje på verkstedet der «Osnes» låg. Vi fekk ikkje båten ferdig til Island. Vi leigde ein ny skute frå Trondheim til islandsturen. Arne Gamlem var skipper og Edvin Hanken, svogeren min, var bestmann. Elles var det mange av tidlegare mannskap. Det var lite sild den sommaren, men dei var heldige og fekk opp i tønnene, ca. 1800 tønner. Det var ein godt tur.