Folk frå fortida – Anne Marta Vartdal (1873-1961)

Anemarta var frå Røyset i Hareid. I 1896 gifte ho seg med Andreas Pettersson Sætre og busette seg på garden Stranda på Sætre. Vinteren 1902 kom Andreas, svigerfaren Petter og tre andre karar vekk då fiskebåten Albatross forliste ved Runde. Anemarta sat då att med fire born, sønene Petter og Alv og døtrene Anna og Magnhild. Etter ei tid fekk Anemarta opp ei lita stove på Stupeneset, i enden på bygninga hadde dei ein fjøs med plass til nokre få husdyr. Denne bygninga står den dag i dag, like nedom europavegen. Etter alle fire borna var vaksne, tok enkjemannen Andreas M.P. Vartdal i Nilsgarden Nørevartdal kontakt med Anemarta, via mellomkvinna Marta Ødegård. Våren 1923 vart enkjefolka Anemarta og Andreas ektefolk, og Anemarta flytta frå Stupeneset i Nilsgarden. Ho vart gardkone og stemor til Peder, Aslaug og deira litlebror Leif. I april 1940, seks døgn etter Nazi-Tyskland invaderte Noreg, fall Leif for ei tysk kule sør for Dombås. Andreas sjølv døydde året etter, av sorg. Anemarta vart buande i Nilsgarden til ho døydde ein augustdag i 1961. Ho vert omtala som ei triveleg og omgjengeleg kvinne, som gjerne delte av si tid med alle. Til dagleg gjekk ho for Nils-Anemarta, for å skilje henne frå den samnemnde sambygdingen, ho Osphol-Anemarta.