Folk frå fortida – Anne Marta Vartdal (1862-1950)

Osphol-Anemarta var frå Hjørungnes i Hareid. I 1889 gifte ho seg med emissæren Peder Elias Vartdal frå Pegarden i Nørevartdal. Ut på 1890-talet ein gong, bygde dei seg heim på Ospholen, heilt i utkanten av den store jordvidda Pegarden rådde over etter utskiftinga av matrikkelgarden Nørevartdal i 1877. På Ospholen fekk dei opp stove og løe. Tidleg i 1890-åra tok dei småjenta Lina Nilsen frå Ålesund i foste (pleiedotter). Ho voks opp på Ospholen, til ho måtte ute i teneste. Då Lina døydde av tuberkulose i 1918, var det Osphol-folket som kosta gravferda til Vartdal kyrkjegard. Frå før 1900 til etter 1910 hadde dei ugift «fattiglem» Andriane Massdotter Ødegård i kosten. I desember 1900 hyste dei også emissæren Rasmus O. Rørstad frå Hjørundfjord. Han var av dei mange «Guds sendebod som budde hjå dei». Med Anemarta «er ei sjeldan gudfryktig og god kvinne [faren] i frå oss, og me saknar henne sårt, både i foreiningssamkomene og i grannelaget. Det var ikkje det at ho sa så mykje, nei, eg vil kalla henne ei av dei stille landet. Men ei god og gudleg ånd fylgde alltid med der ho var. Og såg ein innom til henne, så var det alltid ei Guds velsigning ein fekk med seg når ein gjekk. Det var liksom hjartejorda hennar tidleg vart omsnudd og mottakeleg for Guds nåde og trøyst, med di det var så mykje motgang i heimen hennar.» Anemarta var i niårsalderen då dei to brørne hennar bleiv under torskefiskja 1871 med Alme-ottringen. Året etter døydde mora og i 1874 storesystera. «Men sæl er den som tok som ho Anne Marta gjorde, at motgangen vert ei lyftestong til Gud. Ho hadde ikkje born sjølv, men heidningeborna var mest som ho åtte dei alle saman. Ho hadde barneforeining på Ospholen, som ho styrde til ho ikkje greidde det meir. Ho skofta ikkje ei einaste kvinneforeinings-samkome utan ein serleg grunn, og kvar einaste sundag det var preike i Vartdals-kyrkja sat ho fremst i kyrkja. (Granne i ’Norsk Misjonstidende’ Nr 11, 1951).

Anemarta på troppa heime på Ospholen. Ukjend fotograf.

Same året som ho døydde, var Anemarta innom landhandelen til Sigmund Sætre i Nørevartdal. Kanskje hadde ho ikkje nok peng til å dekke kjøpet, iallfall tilbaud ekspeditøren (Aasta, kona til Sigmund) seg til å skrive beløpet på bok. Nei, svara Anemarta bestemt: Eg må få betale, for eg veit ikkje om eg lever i morgon. Osphol-Anemarta var frå 1920-talet samnemnd i Nørevartdal med Nils-Anemarta.

Han Osphol og ho Anemarta ved heimen. Foto frå 1912 -14 av Sverre Volle.