Vintersildfiske med M/S «Senior»
M/S «Senior» låg på Sandane for utføring av diverse arbeid. Båten var ny, og det var mange ting det var vanskeleg å skaffe no etter så mange år med krig. Vi tok om bord ballast og gjorde klart. Alf var skipper, Leif P. Myklebust bestmann, elles mange av dei som hadde vore med meg før. Vi gjekk sørover straks etter nyttår. Låg i Bergen og fekk tak i utstyr som måtte til, då alt var nytt. Det var ein Pettersen som åtte skuta. Han hadde sjøhus og sildoljefabrikk i Florvåg. Gjekk nord til Bualandet. Der fekk vi første silda. Vi lasta nesten båten. Han lasta 3500 hl. Vi kasta framover kvelden. Men det var so mykje skyting sør for Bualandet. Det var angrep på ein tysk konvoi som var inn i leia. Vi ankra og la stilt. «Norholmen» hadde gått ut før oss. Han blei tatt av norske torpedobåtar og førd til England.
Neste last tok vi ved Utvær. Vi gjekk til Bergen med silda. Neste last blei nord for Holmengrå. Mens vi hova på eit kast, dreiv vi nesten ut i eit minefelt som tyskarane hadde lagt ut. Når vi gjekk med last, brukte vi indre Straumane for ikkje å kome inn i tyske konvoiar. Ein gong vi kom sør i Alværstraumen, der det er smalt, lå der ein mann i færing og rette hendene i veret. Vi fekk stoppe, og spurde om mannen var galen. Han sa at der lenge hadde gått lasta båtar, men han hadde enno ikkje fått smakt sild det året. Vi skufla rikeleg med sild i båten, og mannen rodde glad i land. Neste last tok vi kloss opp med Holmengrå. Tok ein fangst på utsida av Øygarden. Seinare vart det sørover mot Utsira. Det blei ein god del storsild.
Vårsilda gjekk inn i Ryfylkefjordane. Skulle vi til Haugesund, måtte vi gå i konvoi i Karmsundet. Tyske vaktbåtar dirigerte. Vi brukte alltid å gå utom Karmøya. Det blei fiska i Bømlo òg, so vi tok litt sild der òg. Eg kan ikkje hugsa sluttkvantumet, men det blei ein svært bra tur. «Senior» blei liggande på Vartdal for pussing og ymse arbeid.
Eigarskifte i 1945
Alf, bror min, og eg bytte aksjar med Knut Vartdal frå A/S Havmann til A/S Osnes. Eg kjøpte aksjar som Knut Vartdal hadde i «Osnes». Eg vart hovudeigar i selskapet og vald til disponent for A/S Osnes. Alf heldt fram i bergensrederiet som skipper til han slutta sjøen. Han var medeigar i båtar som rederiet skaffa seg seinare. Det var eit greitt rederi å vere i på alle måtar.
Etter at vintersildfisket var slutt, såg det til at krigen nærma seg slutten. Ja, freden kom, og det blei nokre gledens dagar over alt. Det vart no å søke etter dei båtane som var rekvirerte, om dei var flytande. Mange av dei var senka. Nokre dagar etter freden kom, tok eg meg ein tur til Ålesund med motorbåten. Eldsteguten Paul på 5 år var med. Ved ankomst Ålesund vart eg oppmerksom på ein båt som likna på «Osnes». Eg undersøkte nærmare, og det var «Osnes». Dei var nettopp ankomne Ålesund, det var tysk mannskap om bord. Eg kontakta dei og anmoda dei om å gå til Hjørungavåg Verksted for overlevering. Eg òg for til verkstedet. Tyskarane reiste med ekstrabåt tilbake til Ålesund. Eg fekk med meg ein maskinist på verkstedet og tok båten til Vartdal. Guten min blei so glad for at vi kom heim med ein so stor båt. «Osnes» var i svært dårleg forfatning. Dei hadde vore på grunn fleire gonger. Botnen på båten såg ut som eit trekkspel. Dei hadde berre sveisa tett og sendt dei ut. Vi fekk ikkje båten ferdig før til vintersildfisket i 1947. Det var mykje å skifte i botnen, og heile dekket måtte nytt. Verksteda hadde mykje arbeid denne tida.