Vintersildfiske med D/S «Norholmen»
Eg vart bas på «Norholmen». Mannskapet vart sett det same som året før. Vi gjorde klart først i januar. Vart liggande i Kolgrov og vente på silda. Det var mykje dårleg ver. Første sildedagen var nord for Utvær. Det var stilt, men voldsomt stor sjø frå nordvest. Vi og snurparen M/S «Hansemann» vart i lag om eit kast. Fekk last i «Norholmen» og 500 hl i «Hansemann». Det vart komne til mange båtar som var i arbeid. Vi skulle kaste for å få last i «Hansemann». «Norholmen» var so lasta at dekket ville fyllast med sjø. Vi måtte avslutte og tok opp båtane. Med same dei var oppe, kom det ein sterk nordvest storm. I den sjøen som var, vart det stygge brot. Fleire snurparar hadde nettopp kasta, andre låg og turka på kast, medan andre låg og hova. Dei måtte berre skjere frå seg. Den natta vart det største tap av nøter og notbåtar det har vore i mi tid. Det var eit under at det ikkje kom vekk folk. Det var ein strid storm i motvind og sjø, og det bevirka stygge brot. Vi sløra med sakte fart sørover. Det fylte so båten at det reiste med mykje av dekkslasten. Vi var heldige som kom oss inn i god hamn med lasten.
Seinare føregjekk fisket for Hjeltefjorden, Korsfjorden, Stolmen og Selbjørnsfjorden. For vårsild gjekk fisket føre seg for Haugesund, utfor Karmøy og Røvær. Vi lyste etter sild saman med M/S «Møre». Skipper Petter Åkre, bas Knut Sævik. Det var ein voldsom straum der ute. Vi måtte kaste akkurat i det straumen vende. Vi kasta på lys om natta. Vi var heldige å få sild. Eg kan hugse vi kom inn med last tre dagar på rad. Fekk levere til same sildoljefabrikk kvar dag. Kvantum sild hugsar eg ikkje, luten var på ca. 5000 kr. Dette var siste turen eg var på «Norholmen». Før turen var slutt, var eg boden plass som bas på ei ny skute som fekk namnet M/S «Senior» og som vart ferdig vinteren 1945. På grunn av at tyskarane hadde fleire båtar rekvirert frå Vartdal, hamna eg og Alf, bror min, i bergensrederiet Giertsen. Pettersen var disponent og eigar. Han var ein særdeles dyktig og grei kar.
Etter heimkomst vart det drive litt fiske med motorbåten.
Sjølvberging heime. Krigens gang.
Vi dyrka mykje korn under krigen. Det var helst kveite og bygg som vart dyrka. Det vart òg dyrka mykje poteter. Tyskarane gjorde krav på sitt. Det vart utskrivne kornvegarar når dei truska, og det var nordmenn som måtte utføre det. Det vart no teke so midt på treet med det. Vi brukte mykje havregraut til frukost. Det var ikkje so verst når ein vart vand til det. Mjølet vi fekk var vanskeleg å steike brød av. Vi som budde på landsbygda stod oss godt. Det var verre for dei i byane. Feitt var mangelvare. Var hungrige etter feitt då krigen slutta.
Vi var godt underretta om krigens gang, sjølv om dei hadde tatt frå oss radioane. Siste tro krigsåra fekk vi radio på båtane, men det var strengt forbudt å lytte på London. Men det blei aldri tatt hensyn til. Eg hugsa kor glade vi vart då Tyskland angreip Russland. Det rekna vi med var passeleg for Hitler å bryne seg på. Då invasjonen over Kanalen kom, såg vi lysning i tunnelen.