«Bjørkhaug» – vår største og snøggaste snurpar

Sunnmøres største snurpar og den snøggaste fiskebåten på lang lei, m.s. «Bjørkhaug» var i går kveld ferdig frå Hjørungavåg mek Verksted og gjekk direkte på sildefeltet. Den nye snurparen er ein ombygd kvalbåt – «Pol 10» – og reiar er Elling Aarseth. «Bjørkhaug» er registrert i Vartdal. Han er rekna å laste nær 4500 hl sild og kan gjere 14 mils fart. Skipper er Per Kvien, bas Nils Valderhaug.

Nye «Bjørkhaug» er 144 fot lang, djupna er heile 15 fot og brutto-tonnasjen 340. Det er rekna med at han kan laste 3600 hl sild i romet – då er ikkje fryseromet på 80 kbm medrekna. Båten er ombygd frå kvalbåten «Pol 10». Skroget er det same berre at baugen er «nedskoren» og det er bygd på «hel» akter. Noko av keisinga er og av gamlebåten. Det er bygt fryserom i forkant av romet, det er på 80 kbm og kan fryse fire tonn i døgnet. Temperaturen er 28 minusgrader. Maskinen er ny – 1000 hk. – diesel – og gir «Bjørkhaug» ei fart på gode 14 mil ved full køyring. På «prøvemila» der båten gjekk med redusert fart, var resultatet 13,2 mil. Det er montert vripropell og manøversøyle av Liaaens fabrikat. Elles har Bjørkhaug tidhøveleg utstyr med radar, ekkolodd, sildeasdic og peileapparat.

Det er lugarplass til 24 mann om bord, 12 forut i firemannslugarar og resten akter i fire tomanns- og fire enkle lugarar. Alle lugarane er rømslege og fine. Forut er det dei gamle som berre er oppussa, akter er dei nye. Skipper og bas har lugarane sine i mellombrua. Bysse og messe – ei for mannskap og ei for befal – er plassert i forkant av keisinga og det er plass ved borda for heile mannskapet på ein gong. Forut under bakken er det vegnrom og rom for arbeidsklær og sjøhyre, dessuten eit WC. Akter i keisinga er det vaskerom for befalet og for mannskapet, begge med dusjar. I det heile er båten rømsleg og fin, ein verdig tilvekst til den sunnmørske fiskeflåten. M.s. «Bjørkhaug» var i Ålesund på teknisk prøvetur laurdag og vart då nøye gått etter i saumane av dei mange fiskarane som tok seg ein tur på Skansekaia for å sjå han. Både dei – og dei som skal ha arbeidsplassen sin om bord – var svært godt nøgde med nybåten.

Sunnmørsposten, 13. februar 1961.