1943. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfiske med D/S «Norholmen»

Eg vart med D/S «Norholmen» som bas under krigen. Den båten blei ikkje tatt av tyskarane. Knut Grønnevet var skipper, Karl J. Halse bestmann. Der var fleire som kom til å vere med meg seinare: Nikolai Halse, Sverre Raudøy, Nils Liadal, stuert Johan Halse, maskinist Odin Engeset og fleire. Vi reiste først i januar. Vart liggande på Solsvik. Fiska for Korsfjorden, Hjeltefjorden og Bualandet. Vårsilda starta sør for Haugesund for Bokn, seinare Bømlo. Vi kom til å fiske mykje sild for Bømlo dette året. Vi hadde ein plass vi lyste på. Tok D/S «Stordøy» på lag. Håkon Hatløy var bas. Det var ein flink kar. Han låg jamt på topp i fiske. Vi tok der fleire lastar. Seinare lasta vi opp ved Ramsholmen. Avslutta i slutten av mars. Det var ein god tur. Var blant toppane i fisket det året.

Vi var ut på forfangstsild-fiske med D/S «Dolsøy» nokre dagar. Ivar Myklebust var skipper. På Sunnmøre hadde det vore lite sild det året. Det var rykte om sild ut i Herøy, og «Dolsøy» tok laust. Eg vart med dei som bas. Vi fekk 150 hl. Gjekk til Ålesund. Der var stor mangel på sild. Fangsten blei fordelt på mange fiskehandlarar. Vi fekk fleire fangstar for Hareidlandet, Hjørungneset og Standal. Seinare kom basen på «Dolsøy» sørover. Han var frå Nordland og heitte Torvald Sommerset. Det var ein støvende flink kar. Han hadde passert dei 50 og hadde vore bas i lang tid.

Eg kom om bord i «Polhavet». Den hadde lege på verkstad. Det vart drive litt på Sunnmøre. Det vart enkelte fangstar, men ikkje noko storveges. Vi reiste nordover til Vikna, mest utfor Sandnessjøen, Træna og Skibåtsvær. Det vart enkelte fangstar. Forfangstsilda fekk det laget at ho blanda seg med storsilda året før ho gytte. Ho fylgde ikkje storsilda til havs, men slo seg ut frå den og fylgde heile kysten, til sine tider heilt opp til Lofoten.

På heimtur gjekk vi inn til Namsos for å hente material til Holen Trevare. Der var ein fangeleir med ei masse russiske fangar. Tyskarane brukte dei til lasting og lossing på jarnbanen. Ute i fjorden var mange befestningar med kanonar. Det var mykje tyskarar i Namsos.

Etter vi kom heim, dreiv eg og Alf litt fiske med motorbåten. Om vinteren blei båten utlånt til Lars og Nils Holen, Dei dreiv Borgundfjord-fiske med den.