Folk frå fortida – Åmund Nilsson Sætre

Åmund Nilsson Sætre (1824-1900) kjøpte i 1853 farsgarden Åmundegarden av den norske stat. Far hans hadde vore leiglending under Ulstein prestebol, no vart han Åmund sjølveigar etter å ha betalt 533 spesiedalar for bruket. I 1865 sådde han 1 tønne hamlekorn, 2 1/2 tønner havre, 1 tønne poteter og fora hest, 14 storfe og 22 sauer. Garden hadde 30 mål åker og dyrka eng, 49 mål naturleg england. Frå utslåttar henta garden 8 høylass. Åmund var gift 1849 med Johanne Anderssdotter frå Andersgarden Årset. Perioden 1852-67 vart dei foreldre til seks born, fire jenter og to gutar. Tre av borna fekk kvar sin part av Åmunde-jorda. Andreas tok over tunteigen, Hans fekk parten som vart kalla Hansgarden etter han, og eldste dottera, Anne Olave, levde eit langt liv på bruket Stranda. Av dei hine syskena vart Nille gardkone i Heimste Toregarden i Nørevartdal, gift med Peder Elias. Medan systrene Larine og Petrine [Skamsdal] reiste frå Vartdal, dei kom til å verte buande på høvesvis Bigset i Hareid og Kiperberg i Sula.

Laurits K. Grønnevet om

Åmund Nilsson Sætre, einaste son til Åmund-Nils, var ein gløgg og oppvakt kar, og hadde visst arva gløggskapen sin og fiskelukka etter far sin. I den tid var det godt å kunne skyne godt alle vermerkje, og Amund hadde dei eigenskapar, langt framom vanlege folk. Difor vart han sett opp til av dei andre styremennerne på heile utrorstedet.

Var veret trygt so dreiv han hardt, både natt og dag, men var veret utrykt so var han alltid vár, og kom seg jamt unda dei verste uversstormane. Unggutane herfrå som vilde verte styremenn, tok seg jamt rom med honom Åmund eit år eller tvo, dei rekna det som ein styrmannsskule. Alltid so hadde han dugande karar med, hepne og dugande torskedragarar – og var jamt høgaste fiskaren.

Han var ikkje bråkande og brukte lite store ord, men det han sa var bestemt, og han tolde lite at noken av karane la imot det han vilde. Jamt so vakta han på om det var sjøver eller ikkje. Det er fortalt at når det leid ut på natta, og «stjerna» kom syd mot Hessa, for dei som låg i Valkvea og Furkenholmen – so såg alltid han Åmund ut etter om det var sjøver. Såg han det vonlaust, so la han seg stilt nedatt – og alle i huset visste at det vart landlege. Såg han bra ut, so han Åmund vilde prøve, vekte han dei aldri med bråk og sterke ord, nei, då vart han ståande og gjorde ein hostekremt. So fekk dei andre til å spyrje korleis du likar veret i dag. «Javisst er han som ein lyring so», sa han Åmund, og alle visste det var utrykkningssignal.

Når dei skulde ta av og sigle mot land om kveldane var det heller ingen sterk kommando. «Er dykk fornøgde med det, gutar, so skal me syle», sa han lognt, og då bid han ikkje om noken ikkje med ein gong lydde. Det er fortalt soleis om ein utrygg kveld, dei låg og drog torsk ut i djupet. Åmund lika ikkje veret, og sa: «Er dykk nøgde med det, so skal me syle», då var der ein av karane som sa at han bit so godt, torsken, og dei ligg no roligt kring om oss den og den – då vart det drygt ei lita rid til og so kom stormen. Då sa han Åmund: «Ja, no er det best dykk kjem, dykk som var so svære i stad».