Vartdal Sparebank 25 år.

Laurdag den 23. april vart det halde forstandarskapsmøte for Vartdal Sparebank i kommunelokalet på Nøre Vartdal. Formannen i bankstyret hr. R. Aarset las upp eit utdrag av rekneskapen for driftsåret 1931, og gav desutan nokre nærare utgreidingar um dei ymse postar. Rekneskapen vart deretter samrøystes godkjend. Nokre søknader til banken um pengestudnand vart referert av ordføraren i forstandarskapet hr. L.K. Grønnevet. Sume av desse vart imøtekome. Det vart soleis ytt til Vartdal Helselag kr. 50,00, Småindustrikontoret i Aalesund kr. 20,00 og Norsk Redningsselskap kr. 20,00. Då det iår er 25 år sidan banken vart skipa var det fleire i forstandarskapet som slo frampå um ei noko større løyving av banken sitt disponible yverskot til ålmenne formål Vartdal. Etter noko ordskifte vart det røysta yver tre framlegg. Eit på kr. 1000,- til vegfond for Vartdal fekk tvo røyster. Eit på kr. 1000,- til gåvefond fekk 7 røyster, medan eit framlegg til gåvefond på kr 500,- vart vedteke.

Då Vartdal Sparebank iår legg fram sitt 25 års rekneskap hadde styret med formann i forstandarskapet i spissen fenge i uppdrag å ordna med ei liti festleg tilstelling i dette høve. Styret hadde desutan mynde til å byda inn alle dei som gjenom desse åri hev vore med i arbeid for banken, og då serleg dei som var med og fekk banken skipa. Av dei siste er mange for lenge sidan burte, men fleire av dei er endå ilive og dei som ikkje er formykje tilårskomne møtte, til stor glede for innbjodarane.

Då forstandarskapsmøtet i kommunelokalet var slutt, vart møtelyden med dei innbedne av ordføraren i forstandarskapet bedd um å finna vegen til banklokalet som ligg vis-a-vis. Der var det festlegt tilstelt med kvitduka og veldekte bord. Hr. Grønnevet synte stor givnad som kjøkemeister og fekk festlyden i ein fei sessa kring bordet. Då alle var komne i sæte baud han gjestene velkomne til bords. Han retta ei serskild velkomsthelsing til dei eldste som hadde lagt godviljen til og kome langveges frå til denne enkle minnehøgtidi for banken. Millom dei innbedne bør kanskje serleg tvo nemnast, Knut Buset og Laurits V. Masdal. Desse tvo var medlem av forstandarskapet i gamlebanken for Hareid og Ulstein. Det var soleis heilt naturleg, at dei vart med som forstandarar alt frå fyrste stund då Vartdal skipa sin eigen bank. L.V. Masdal hev i alle åri vore medlem i forstandarskapet og er det framleis.

Etter alle hadde forsynt seg med mat og kaffi under livleg samrøde gav L.K. Grønnevet ei historisk utgreiding um banken. Han mintest då serleg dei menn som kasta tanken fram um skiping av eigen bank. I fyrste rekkja vart då nemnde form. i styret for banken og gamle Hans Vartdal, som var ordførar for Vartdal herad ved den tid. Tanken um eigen bank var i emning fleire år fyrr det verkeleg vart noko av. Serleg var det vanskeleg å skaffa til veges dei naudsynlege kontantar til grunnfond. Det minste ein laut ha etter lovi var 2000 kr. Dette var ikkje lett å skaffa i dei pengeknappe tider som då var.

I 1866 då Ulstein Sparebank vart skipa vart det frå Vartdal som då var saman med Ulstein, skote inn til grunnfond for denne banken. Då tanken um bank for Vartdal kom upp var det i von um å få att det det ein herfrå hadde skote inn etter same prosentsats som det var innskote. Det synte seg at det vart vanskeleg å finna ei ordning til deling av Ulstein Sparebank som båe partar fann seg tente med.

Hausten 1906 vart Vartdal Sparebank skipa med eit grunnfond på 2000,- kroner som dels kom inn ved kommuneløyving og dels ved private innskot. Ordf. Hans Vartdal vart formann i styret, og R. Årset, so no er formann i bankstyret, var den gongen kasserar. Av andre som alt frå fyrste stund kom med i forstandarskap eller styre og framleis er millom dei fremste der kan nemnast ordf. og bankkasserar Steinar Buset, Karl J. Vartdal [Steina-Karl], Laurits Grønnevet, Ola Erdal og Laurits V. Masdal. Året etter at banken var skipa fekk han utbetalt som sin part i grunnfondet i Ulstein Sparebank kr. 8000,-. Dermed fekk banken alt frå fyrste stund so å segja eit godt økonomisk grunnlag å byggja på.

R. Årset fortalde um eit og anna frå skipingstidi og åri utetter. Um denne tid då pengane flaut inn i store straumar so ein knapt visste korleis ein skulde få plassert dei på forsvarleg måte. Han heldt sterkt fram, at ein sparebank i fyrste rekkja bør sjå på det pant som vert stillt for eit lån, medan fortenesta kjem i andre rekkja. Det var mange som gjenom åri hadde søkt banken um lån utan å få, avdi lånsøkjaren ikkje kunne stilla tilfredsstillande trygd for lånet. I dei aller fleste høve hadde det synt seg å vera til bate for båe partar. Han fortalde desutan, at Vartdal Sparebank alt frå starten av hadde nytta berre nynorsk mål, og er soleis ein av dei fyrste eller kanskje den aller fyrste av bankane på Sunnmør som tok nynorsken i bruk. I den fyrste tid var det ikkje lånedokument å få på nynorsk, difor skreiv dei pantebrev og slikt sjølve. Seinare sette Alb. Gjørts, Ålesund seg i spissen for å trykkja lånedokument på nynorsk etter fyrerit frå Vartdal Sparebank.

Steinar Buset gav ei talmessig utgreiding um banken sin vokster gjenom dei 25 år som hev gjenge. Eg skal her berre taka med nokre få, nemleg den kommuneskatt som hev vore betalt. For ikkje å trøytte med for mange tal skal eg taka med berre kvart femte år i avrunda tal. For inntektsåret 1910 var kommuneskatten kr. 40, for 1915 kr. 127, for 1920 kr. 477, for 1925 kr. 858 og for inntektsåret 1930 kr. 2083. Fyrste året var det ingen av dei som arbeidde i banken som hadde noko løn. Andre året var dei so rauste at det vart løyvt kr. 0,50 pr. møtedag for kvar styreslem. Kasseraren fekk ialt 63 kroner. Seinare fekk styreslemene pålegg til ei krone pr. møtedag. Lønningskontoen for banken siste rekneskapsåret og heradsbudsjettet for Vartdal herad år 1906 er umlag jamstore, eller kring 2600 kroner.

Etter fleire gilde taler og mange gode ynskje for banken i framtidi slutta den trivelege feststundi med den beste feststemning millom deltakarane, endå der ikkje hadde vore øl eller brennevin. Nikotin var representert korkje ved «den milde Medina» eller «Sorte Mand».

Meldar, i avisa Møre, 28. april 1932.