Folk frå fortida – Nils Nilsson Nørevartdal

Nils var frå Sæssnilsgarden, fødd ca 1816. Han var yngste bror til Sæssnils-Sjur og Lars på Flåskjer, dei var alle tre halvbrørne hans Åmunde-Nils på Sætre. Her ser ein eit altså døme på at brør kunne få same namnet, noko som i enkelte sunnmørsbygder var ganske vanleg på 1700-talet. Brørne voks opp i ei tid som var vond og vanskeleg for flestalle sunnmøringar. Syskena i Sæssnilsgarden, dei hadde to eller tre systrer, voks visseleg opp i tronge kår, og helst ringare enn dei fleste andre i Nørevartdal-tunet. Litt kan det ha spelt inn at Sæssnils-jorda var hakket mindre enn dei andre seks gardsbruka i Nørevartdal. Omframt Åmunde-Nils og Sjur, som fekk tale over og drive vidare kvar sitt «slektsbruk», var framtida mindre sikker for dei andre i syskenflokken. Lars, f. 1812, lukkast få hand om ei skrapemark på Flåskjer, og kom seg vel til. Den eldre systera, ho heitte Berte, måtte uthalde eit tausaliv i teneste for andre. Synneve, yngst av Sæssnils-syskena, hamna på den avsidesliggjande, einbølte og steinute Gausnes-garden ved Storfjorden i Ørskog. Og «vår» Nils var ugift tenar då livet tok slutt.

I Minne frå Vartdalstranda 1999, side 15, opplyser Andreas Vartdal i artikkelen ’På livet laus – i open båt’ at Nils bleiv den 15. desember 1843 i Breisundet. Morfaren hans, Andreas Aarskog, visste å fortelje at Nils, som då var i teneste i Ulstein, og åtte andre karar forliste på heimferd frå Ålesund, dei hadde vore i byen og henta ein saltfarm. På den tid var det alt anna enn uvanleg at ein kar på byferd tømde fleire enn eitt krus brennevin i skjenkestovene i byen. No har ein ingen hald for å påstå at dette forliset kom av andre årsaker enn berre uver med kastevindar, noko sjøstykket ein desemberdag er vel kjent for. Men det er ei kjensgjerning at lenge utover 1800-talet forliste dei opne båtane mykje hyppigare på reise frå byen enn til byen.