1942. Av Bjarne P. Sætre

Vinterfiske med «Fremtid»

Eg og Alf, bror min, laga oss til med torskegarn og botnagarn etter sild. Til å starte med var det line. Vi hadde line ute ved Svinøya, og fekk hå på nesten kvar krok. Lasta nesten båten. Lasten gjekk til revefor til 30 øre kiloen. Dreiv seinare med botnagarn. Vi dreiv på innsida av Svinøya. Vi lasta båten, gjekk til Vartdal og leverte. Seinare var det på innsida av Godøya. Hadde ute torskegarn òg. Det var ut med Fluda og Bòdene. Det var forunderleg for ein pris det vart sett på silda, ja, fisken og.

«Fremtid» som skyssbåt

Seinare i året var eg mykje opptatt med å gå med båten. Det var slutt med bilar. Vi var avhengige av doktor frå Ørsta og sjukehuset i Volda. Eg fekk tildelt olje for å gå med sjuke, doktor og prest. Ofte vart det mykje gåing, både om natta og med helga. Mange gardar hadde rev som attåtnæring. På Hareid var det guanomylne som kjøpte turka torskehaud og mol dei opp til mjøl. Tyskland var den vanlege avtakar, No la dei beslag på alt dei produserte. Det blei brukt til revemat. Eg fekk mange turar til Hareid for henting av fiskemjøl. Det måtte vere om natta vi henta det. Det hende eigaren av mylna melde at det hadde vorte gjort innbrot og teke mjøl, men det var vel for å villeie tyskarane. Inga Tusvik, som budde på Sulalandet, reiste inn til Ørsta og henta kjøt og diverse matvarer. Ho kom med rutebåten og bringa det på land her på Vartdal. Eg gjekk med det nord til Eikrem. I skogen var der ei hytte. Det kunne vere mange der som venta på båt over til England. Inga Tusvik sørga for det. Ein morgon eg skulle til Ålesund, møtte eg ein båt Gestapo brukte i sine kontrollar. Eg blei stoppa, og 3 mann entra båten og undersøkte papira og alt i båten. Eg var heldig som ikkje hadde med meg noko.

Det hende at Alf og eg reiste ut på Mebotnen med line. Vi kunne få mykje fisk, og det var god avsetning. Det var um hausten eg og Petter, bror min, reiste inn under Skrenakken med line. Vi sette linestubbar frå land, og fekk bra med fisk, mest blålange. Om natta låg vi utfor naustet til dei på Smoge. Eg var opp på fjellgarden og kjøpte 2 smaleskrottar. Dei dreiv mykje med sauer, og no var det midt i slaktetida. Dei sa det var mykje folk som besøkte dei no i krigen. Skrottane sende dei ned med løypestrengen. Vi brukte line i 2 dagar. På utveg stoppa vi på Stranda og selde fisken. Der kom so mange kjøparar at eg trudde ei stund dei ville velte båten. Dei var redde for at der ikkje var fisk til alle. Vidare stoppa vi som snarast i Stordal. Der kom ein mann frå Langevåg som hadde vore der inne og kjøpt smalekjøt. Han blei med oss, vi sette han i land på Kvasnes.

Det var på mange måtar ein hente til livets opphald under krigen. For dei som bodde berre på ei hustomt var det det ikkje so greitt. Eg gjekk ofte til Ålesund og henta fisk til Andreas Moe, som var fiskehandlar i Ørsta. Var det lite fisk, so la tyskarane beslag på alt som kom inn. Eg kan hugse vi måtte få fiskebåtar til å levere i smug til oss. Andreas Moe var med når vi henta fisk. Når vi kom til Ørsta, kom dei springande frå fabrikkane for å sikre seg fisk. Kvar 14. dag måtte vi stemple passet som vi hadde for båten. Eg kom på kontoret i Ålesund. Då var det 1 1/2 månad sidan det sist var stempla. Det blei eit forferdeleg liv på dei tyske offiserane. Dei påstod at eg hadde vore i England. Viss det gjentok seg, vart eg arrestert. Eg gjekk ofte til Ørsta og Volda. Lensmannen der stempla det, so det alltid var i orden.

*Bjarne var dottersoneson åt Dale-Lisa.