Laurdag 1. august 1925 kom med ei storhending i bygda. For fyrste gong fylte eit menneske i Vartdal-bygdene 100 år, ei kvinne folk kjende som Dale-Lisa. Hundreårsdagen prenta Søndmørsposten ein artikkel skriven av den tidlegare (og seinare) ordføraren, L.K. Grønnevet.
Lisa Pedersdt. Myklebust fyller idag 1. august 100 år. Då dette er ein sjeldsynt milepæl på livsvegen, kom det for meg å nemna nokre ord i Søndmørsposten. Lisa er fødd på Øvrelid i Hareid og der livde ho sine baren- og ungdomsår. I nokre og tjue års alderen flutte ho til Myklebust i Vartdal og vart gift med Paul Johannessen Myklebust. Dei hadde 7 barn, som vart vaksne, 3 døtre og 4 gutar. Den eldste vart gift med lærar og ordf. h.v. Hans Vartdal. Nr 2 vart gift med lærar Frøystad, Lier st. Og den 3. vart gift med Amund[-]Andreas på Sætre. Ho liver endå, men båe dei andre er døde. Av sønarne liver den eldste Johannes Paulsen Myklebust, og det er med honom no hev heimen sin – ja, den yngste «Paul» liver ogso på Stillehavskysten i Amerika.
Det syner seg her, som det før hev gjort, at det er ikkje dei som hev gode dagar som liver lengst; nei titt er det eit liv [i] sut og sakn og slit for tilværet som varer lengst. Det er sagt um henne, at ho hev ein sjeldsynt minnedag og det var i september 1869. Då vart eldste sonen konfirmera, den yngste boren til dåp og mannen henna jordfest. Men dette er no ikkje heilt rett, meddi at mannen han Paul døydde dagen etter den eldste var konfirmera og den yngste hadde fenge hamn. Det fall av seg sjølv at ein fær mykje å stridast med – når ektemann fell ifrå i so ung alder medan borna var små. Det skal stor livs mod og tiltak til for å halda gardsdrifta – umvelsle o.m.s. gåande. Men morskjerleiken den er sterk – den kan ikkje reknast med noke verd eller målast med noke mål; den er som ljoset som brenn ned for å tjena andre. Ho Lisa sette seg lange mål, det var for henne um å gjera å halda alt gåande til borna vaks fram, og fekk ei god uppseding. Ho var ikkje av dei som vart hard av motgangen – nei ho bøygde seg stilt under Guds vilje og det er det som gjorde henne so og smilende like no upp i 100 år. Like til for eit halvt år sidan hev ho ståka uppe og stelt til seg sjølv; men frå siste jol av, so må ho halda senga. Aandsfrisk er ho framleis, so ho fyl med med i alt som hender på garden og i bygda. Ja, vidar med – kan hende fyl ho betre med i misjonsarbeidet t.d. enn mange andre. Når ho no gjeng yver den sjeldne åremålsdag; vil mange truleg senda henne helsing og ynskje henne ein fager livskveld etter velgjort dagsverk.
Åtte veker etter hundreårsdagen døydde Lisa, kårkona i Knutegarden på Myklebust. Omframt dei 7 borna avisoppslaget viser til, var Lisa mor til to småjenter som døydde i høvesvis 1864 og 1865. Den eldste av dei, begge heitte Davide, strauk med i farangen som reiv fleire titals vartdalsborn frå livet, den yngste døydde på moras barnseng.