Hans P. Brandal (1876-1941) var fiskar frå unge år. I desember 1900 fiskar om bord i dampskipet «Tjalken» av Ålesund. Kanskje var han med då
«Fiskedampskibet Tjalken Nat til Søndag [9. september 1900] passerede Græsøen, observerede Mandskabet en Baad, som holdt paa at drive tilhavs. Dampskibet stoppede op for at berge Baaden, men idet man holdt paa at trække Baaden ind til Skibssiden ved Hjælp af en Baadshage, reiser en Mand sig op, som havde ligget og sovet i Baaden og vaagnede ved Manøvren fra Dampskibet. Manden var fra Ulfstein og kom fra Byen, hvor han nok hadde drukket vel meget og under Reisen hjemover sovnet af. Nu havde Strømmen tat og ført ham ca. 2 Mil tilhavs. Alligevel vilde han ikke ha hjelp fra «Tjalken»; han kom hjem til Ulfstein Søndagskvelden sent.
Kva fiskebåtar Hans reiste med etter han gifte seg, er mindre kjent. Men ettersom han eit lite tiår budde på Hareid, kan det vere at han veksla mellom å drive fiske på dampbåt og storskøyte, noko som dei åra var ganske vanleg. I 1920 vart han folketalsført «Fisker med «motor Baat», det er ein dekksbåt. I 1930-åra var han ein av notbøtarane på Vartdal-sjøbuda. Hans var «iallfall ein fåmælt mann» skriv Per I. Myklebust i «Vartdal – og vidare». I mellomkrigstida var Brandal-familien ein av yttarst få i bygda som ikkje hadde mjølkekyr. Olav Sætre (Rishaug-Olav) fortalde at Brandal sine kjøpte mjølk med dei på Rishaugen.
Hans var gift 1903 med Kristine Rasmussen frå Ålesund. Etter bybrannen i januar 1904 leigde dei hus på Hareid, budde i 1910 på eigedomen Bakken der. I 1913 gjorde dei vartdalingar av seg og borna. Fem år seinare fekk dei frådelt ein part av Pegarden og bygde stovehus på tomta. Hans og Kristine fekk fem born, yngstemann kom til verda etter dei flytta til fastlandet. Av borna
tok Kristian over foreldreheimen. Eldstedottera Johanne var gift med Anton Buset, dei flytta etter kvart til Oslo, også den ugifte sonen Leiv enda opp i Oslo. Klara var gift Ørstavik og budde der.
Petter, yngst av syskena, slo seg ned på Voss, dreiv eiga elektroforretning.