Vintersildfiske med D/S Ulf
Båten blei utrusta av Vartdal Fiskeriselskap på bruket til «Kirkholmen». Karl Vartdal var skipper og eg var bas. Ola Rødset, Tjørvåg, eigar av båten, var bestmann. Båten lasta berre 1000 hl. Fleire fiskarar frå Vartdal med. Første vinteren var det ikkje kjekt å kome ut. Ein var utrygg om der låg miner som vi ikkje visste om. Tyskarane la ut mange minefelt. Dei fekk vi opplysning om til fisket. Tyskarane var interesserte i at vi kom ut og fiska. Det var no slik at det norske folk trong mat. Første fangsten tok vi 7 kvartmil ut for Korsfjorden. Seinare lenger sør ved Skotningen og Utsira. Dei sløkte alle fyrar og lykte ut mot havet, so det var ikkje bra når vi skulle gå mot land. Seinare vart det lenger nord, ut for Kinn og så nord om Stad. Vi avslutta med ca 5000 hl.
Det var so mykje småsild på Sunnmøre. Vi tok feitsildnota og fortsette med den, Vi hadde steng på Hjørungnes-hamna. Fekk der ein last, seinare eit steng lenger inn mot Liavågen. Fekk der 3 lastar. Slutta av med 5-6000 hl. «Polhavet» hadde lege på verksted. Båten skulle no ha nota. Eg fortsette som bas på «Polhavet». Johan J. Vartdal var skipper, Johan Brandal bestmann. Elles var mange unggutar frå Vartdal med, mange av dei blei seinare skipperar og maskinistar. Det var ei tung feitsildnot vi hadde, og eg var imponert over kor flinke desse unge gutane greidde å handtere den. Vi dreiv ei stund på Sunnmøre, seinare på Nordmøre. Vi hadde eit steng på Høgset. Låg der til pinse. Avslutta i midten av juni. Det vart ikkje nokon stortur.
M/B «Fremtid», M-18-VD
I 1941 reiste eg inn i Romsdalen og bestilte ein motorbåt. Den var på 29 fot, bygd av Skorgenes. Eg greidde å få tak i siste motoren på Volda Mek. Tyskarane la beslag på alle motorar. Denne hadde verkstedet lurt unna. Det var dekk i båten og godt tillaga for line og garn. Eg har notert ned dei ymse prisane: skrog 1925 kr, motor 3000 kr, mont. Volda Mek. 220 kr, linespel frå Tennfjord 215 kr. Båten fekk namnet «Fremtid» (M-18-VD). Vi brukte mykje i fjorden her med blålangeline og flyndretrål. Det var veldig pågang etter fisk under krigen. Folk nesten storma båten når vi kom i land. Det var mykje blålange å få i fjorden, og det var god fisk, især lettsalta.