Martinus Kolbeinsson Bjørndal (1843-1916) gjekk fyrst Volda «lærarskule» i eit år, var so lærar i Årsetdalen i 3 år. Deretter reiste han i 1865 til Stord seminar, og vart dimittert derfrå i 1867. Straks vart han innstilt til lærar i Ulstein. Som lærar virka i ymse krinsar fram til han tok avskil i 1906. Frå umlag 1880 og inn i dette hundradåret hev han vore med i fyrste rekkja og bore fram kvar stor sak og kvart gildt tiltak som hev vore fremde for heradet, og mest for Ulsteins sokn. Han hadde vaki interesse for alt som vilde fram, og dertil hadde han det rette laget til å få folk med seg, når det galdt noko. Med meir enn vanlege kunnskap og eit praktisk grip på tingen var han sjølvgjeven til dei fremste tillitsyrki i sokni. Det var ikkje alltid lett å arbeida for ein mann som Bjørndal. Han var venstremann den tidi der ikkje var venstremenn i sokni. Han var til å byrja med ordførar i ei av dei striaste høgrebygder på vestlandet. Når det likevel gjekk heller fort med å kjøva høgre der, so var det hans verk. Og i formannskapet fekk han med seg folk med det same synet som han. Han var formann 1880-1910 i styret for Ulstein forbruksforening og forlikskommissær i over 20 år.
Han umkom ved ei ulukke. Han kom gåande etter vegen framman frå Hovsetskogen. Då han var komen ned mot krossvegen ved Johannes Bakke, kom der ein gut cyklande med måteleg fart. Han ringde, Martinus snudde seg og kom ut i vegen og framfyre cyklen, som rende på honom. Den gamle mannen fall attende og slo seg so forkjert at han døyde ein halv time etter.
Kjelde: Møre, 5. juni 1916