Meny Lukk

1940. Av Bjarne P. Sætre

Eg vart ringt opp av redaren av «Torberg». Dei ville ha meg til bas. Det var mykje forfangstsild i Herøy-distrikta. Eg tok jobben og hadde med meg nokre mann frå Vartdal. Bernt Barstad, Petter Vartdal, bror min, og Hans Myklebust. Marius Bjørge var skipper. Vi fekk litt sild kvar dag. Leverte til kassebåtar og Statens Fryseri. Det var vel den 5. april vi tok oss ein tur sør til Haugsholmen. Kl. 8 om morgonen låg ankra ein lastebåt med amerikansk flagg. Svært mykje rusk vart kasta ut frå båten. Vi vart litt forundra over det. Det viste seg at same båten seinare låg oppankra i Trondheim 9. april med tyske soldatar om bord. Når eg tenkjer på dei kontrollane vi snurparar fekk av norske vakter når vi kom inn frå havet, må det ha vore noko som hadde svikta med den norske kontrollen. Natta til den 9. april låg vi på Torvikbukt og leverte 300 kasser sild til ein kassebåt. Vi lytta på radio. Vi var klar over at det var spent. Det var nordvest vind og litt snø den natta. Om morgonen fekk vi høyre kvar som hadde foregått den natta. Vi var ein del snurparar som samlast i Ulsteinvik. Vi vart einige om å avslutte turen. Eg var heime om våren.

Etter at tyskarane hadde besett Norge, rekvirerte dei mange fiskebåtar. Båtane fekk ordre om å kome til Ålesund. «Osnes» blei ikkje tatt i første omgang. Men dei kom seinare i 1940 og sette folk om bord der båten låg nede på Leira. Dei brukte dei rekvirerte båtane til vaktbåtar fordelte på kysten. Mange av dei blei senka. Det vart no arbeidt med å få potetene i jorda og sått korn. Vi stod overfor sterk rasjonering. Først i juli blei eg oppringd av ein Uksnes, som ville ha meg til bas på m/b «Aksla». Eg tok jobben. Det var etter småsild. Først var det inn i fjordane, Stordal, Valldal og Hellesylt. Det var ein del å få. Hadde eit steng i Stordal. Elles enkelte fangstar. Tyskarane hadde då innteke hotellet på Hellesylt. Tyske offiserar stod ved fossen der og fiska laks. Eg blei ikkje lenge med, eg fekk svogeren min, Edvin Hanken, til å byte for meg. Kenda og eg skulle gifte os den 7. august. Det var ikkje storbryllaup. Norderval brudvigde oss i Vartdal kyrkje. Han og organist Sverre Flåskjer. Var til middag. Elles dei næraste. Vi bodde først ovenpå i huset til Hans Vartdal. Hans var død, men kona Ragnhild levde. Eg letta opp taket på fars hus. Innreidde kjøken og soverom opp. Flytte inn i slutten av oktober.

Vi hadde ikkje tyskarar på Vartdal. Det var berre enkelte gonger under kontrollar dei var her. I desember fekk vi ein son. Han fekk namnet Paul.