Folk frå fortida – Berta Sætre

Berta Sætre vart gravlagd frå Vartdal kyrkje fredag. Særs mange folk hadde møtt fram for å vere med i syrgjehøgtida. Til innleiing vart sunge «Jesus det eneste». Sokneprest Eide tala utfrå Matt. 6. 19-20: «Samle dykk ikkje skattar på jordi». Dei fleste menneske vil gjerne tenke mest på sitt eige beste, og samle seg ære, gods og gull. Dei sjølvgløymande menneska som tenker mest på andre, er det ikkje mang av. De er berre dei som Jesus har løyst frå verda. Dei har fått kall frå himmelen. Det er stort. Men det er større å ta mot kallet. Henne som fylgde til grava, åtte Jesus sinnelag. Ho såg dei som hadde det vondt. Kjærleiken til Jesus dreiv henne til å lindre sorg, hjelpe dei sjuke, dei som sat i fengsel eller var heimlause. Ho brukte livet sitt i teneste for andre. Ein dag skal dette kome fram i ljoset. Då er skattane i Himmelen beste. Livet er ulikt for oss menneske, alle har fått kall. Gud har bruk for oss. Difor gjeld det å høyre og lyde Herrens røyst.

Etter talen vart sunge «Den store kvite flokk». Det vart lagt ned mange kransar. Rakel Lianes krans på båra frå sysken og versysken. Ho takka alle som hadde sett om Berta i Oslo då ho låg sjuk. Olaug Haugland takka frå borneborn. Forstander Støve frå Volda bar fram krans og helsing frå lyden i Møllergaten 38 i Oslo. Han sa det var ei stor kvinne, eit sterkt menneske som tok seg av uteliggarane i Oslo. Likeeins bar han fram helsing frå Volda. Fru Kvien la krans frå Vartdal yngre kvinneforeining som Berta stifta under krigen. Elias Myklebust avslutta med nokre minneord. Han takka for det avlidne hadde vitna i ord og liv. Til slutt vart sunge «Kor sælt hjå Gud i Paradis». Til tonane av Händels Largo vart båra førd til grava. Føre vart sunge «Jesus lever, gravi brast». Etterpå «Eg hev vunne, Jesus vann».

Folk av Lars-ætta på Sætre. Berta Sætre heilt til høgre. Kjelde: Vartdalsstranda Sogelag.

Berta Sætre (1887-1960) var frå Larsgarden Sætre. Ho var den eldste av dei ni borna til Lars H. og Oline B Sætre. Berta var «virksom både i Frelsesarmeen, blant de frie venner og pinsevennene. Hun var medlem av Filadelfia, Oslo. Hun forkynte evangeliet både i tale og med gjerninger, blant annet ved en uteliggermisjon hun drev i over 20 år.»

Kjelder:

*Sunnmørposten, 13. september 1960.

*’’… Og Herren virket med: pinsebevegelsen gjennom 75 år’’. 1981.