Storsildfiske med «Ramoen»
Klargjering før jul. Under klargjeringa fekk Alf indre blødningar i eit auge. Vi måtte då ut etter ny skipper. Det vart Arne Gamlem. Leiv P Myklebust var bestmann og eg var bas. Elles var det same mannskapet som før. I tillegg kom Harald Aam frå Ørsta om bord. Eg kom til å vere i lag med han i mange år. Første fangst tok vi på havet utanfor Florø. Seinare vart det lenger sør. Fekk eit storkast utanfor Bualandet. Tok «Ryvarden» på lag. Fekk last i «Ramoen» og 500 hl i Ryvarden. Leif Myklebust, son til Laurits Myklebust, eigar av «Havbryn», var skipper på Ryvarden. Seinare tok vi last utfor Skotningen. Var ein tur like til Egersund. Låg nokre dagar i Stavanger for dårleg ver. Turka nota der. Det var litt fiske på innsida av Kvitsøy. På slutten var vi utpå havet for Svinøy. Hugsa ikkje kvantum, men det var ein brukbar tur. Etter turen vart båten lagd i opplag.
Eg kom då om bord i «Osnes» som skipper. «Osnes» hadde ein skade frå vinteren, so den blei liggande ei stund på verksted. Andreas Dimmen reiste til Island som skipper på «Havmann». Eg var på «Osnes» under reparasjonen.
Torsketur med D/S «Osnes» til Bjørnøya
Vi reiste på tur først i mai. Eg var skipper, Jostein Sandvik bestmann, Petter Nybø maskinist, Olav Skjønberg assistent, Kaspar Overå flekkar, Rolf Barstad stuert, Bernt Barstad og Odd Bjørndal. Eg måtte ta med Guttorm J. Myklebust, som skulle til Rørvik og besøke son sin, Gustav, som var lærar på Kolvereid. Guttorm var no 78 år. Han hadde vore høvedsmann på ottring og på dekksbåt, både med seil og med motor. Eg og Jostein gjekk vakt og skifte på om natta, so han fekk sove i mi køy. Då han kom om bord om morgonen, kom han til bords med oss til egg og flesk og mange påleggssortar, han syntest vi hadde det bra no. Han hadde vel grunn til å sei det. Han var ein av dei mange som hadde vore med og lagt til rette, slik at vi no hadde det so godt.
Vi tok agn i Harstad, gjekk vidare til Tromsø og fraus agnet. Var i lag med «Njørd», skipper Bernt Rotnes og «Barden», skipper Ragnvald Veddegjerde. Vi gjekk frå Tromsø i lag. Begynte fisket vest av Bjørnøya. Fisket var bra første veka. Då måtte vi gå inn til Bjørnøya, grunna kuling. Då vi kom ut igjen, var det dårleg fiske. Flytte då lenger av. Der vart vi brukande mykje av tida. Var inn til Bjørnøya og la om fisken, og kola i baksane frå romet. Gjekk ut til nordvest av øya. Vart brukande der til vi avslutta. Denne turen hadde vi radiokontakt til Norge via Bjørnøy Radio og Finnmark Radio. Avslutta 10. juni. Stoppa i Tromsø for å få kol og vatn. Reiste vidare sørover leia i fint er.
Torske- og kveitetur til Island med «Osnes»
Vi feira jonsok på Vartdal før vi fór. Avgang 24. juni. Vi tok med lite agn frå Norge. Islandssilda var betre agn. Vi starta brukta ved Langenes. Seinare for Rødehuk og Grimsøyflaket. Fisket var labert. Men sildefisket på Island slo feil dette året. Det vart bomtur for snurparane. For linebåtane var det vanskeleg å få agn. Vi var fleire båtar som låg i lange tider og venta på agn. «Ryvarden» av Haugesund dreiv etter sild med garn. Han fekk ei natt meir sild enn han greidde salte. Skipper var Leif L Myklebust frå Ålesund, ein slektning av meg. Han anropte oss, vi måtte kome å få agnsild! Han låg langt ute. Det var berre drivarane som kunne treffe til å få litt sild. Vi fekk litt agn. Brukte på Strandagrunnen nokre dagar, men gjekk til Isafjord for å gå på kveitefiske. Det gjekk mindre agn til det, for vi brukte torsk og rødfisk til kveiteagn. Det fekk vi på kveitelina. Vi tok snø frå ein snøbrede som låg heilt ned til sjøen. «Aspø» var gått til Stretet og var komen i fangst. Vi kursa for Stretet. Det var ca 150 kvartmil å gå. Det var lite is dette året, so vi kom nær Grønland. Vi traff «Aspø». Det var klart ver, ein del småis, men mykje isfjell. Snakka med «Aspø». Dei hadde 8 tonn, men måtte avbryte, då dei hadde lege der så lenge. Vi hadde ikkje fryseri, so vi isa kveita. Etter ei viss tid måtte vi slutte for å få salgbar fisk. Det var brukbart, men vi var plaga av isfjell. Eitt døgn var det kuling, so vi måtte ligge bakk.
Då vi slutta, var det skodde, men vi såg so langt at vi kunne gå med full fart. Vi gjekk til Isafjord og bunkra for heimtur. Då vi kom til Grimsøyflaket, låg snurpefloten der og venta på silda. Vi snakka med «Ramoen». Alf var frisk, og han var skipper på båten no. «Norholmen» fekk nokre få sildegarn, tauverk og blåser med oss. Sildegarn venta dei sendt til Island. «Dolsøy» kom og fekk oss til å ta med heim snurpenota. Dei òg venta sildegarn sendt til Island. Vi kom heim og leverte fangsten, 35 tonn torsk og 8 tonn kveite. Det var kveita som retta opp turen.
På navigasjonsskule i Ålesund
Før eg reiste på tur, hadde eg meldt meg på navigasjonsskulen for utvidelse av sertifikatet. Skulen begynte 2. august. Eg kom ikkje før den 25. Det var litt hardt med det same å sette seg inn i det dei andre hadde gått gjennom. Vi var 18 elevar. Eg bodde på Hotell Møre. Dei hadde faste gjester i kosten. Sandset, Loe og With var lærarar. Det var flinke lærarar. I sjukelære hadde vi dr. Mathiesen. Han sette oss inn i det vi eventuelt kunne utføre. G. Sveen hadde vi i norsk og engelsk. Det var òg ein flink lærar.
Etter nokre dagar braut verdskrigen ut. 3. september blei det meldt over radio. Alle som hadde tenestegjort i marinen for alle årsklasser ned til 1927 måtte melda seg til nærmaste mønstringskontor. Før eg gjekk til skulen, var eg på kontoret og melde meg. Eg sa eg gjekk på skule. Brøgger sa: «Eg har ikkje mottatt beskjed om å ta inn folk frå skule, og det er no fordevlig at en galen mann skal sette heile verden i kok!» Forholdet var, at der kom inn so mange mann. Dei hadde verken båtar eller klær til dei. Dei måtte sende heim fleire årsklasser. På skulen gjekk det godt. Eg hadde no stundom besøk av Kenda. Man måtte legge frå seg skulebøkene til avveksling Vi hadde eksamen heilt inn mot jul. Hadde avskjedsfest på Grand Hotell saman med alle lærarane.