Hans J. Buset (1893-1976) var gardbrukar på farsgarden på Buset (105/2) i Vartdal. Plasse-Hans var også heradskasserar i Vartdal. Han måtte tidleg ta ansvaret for gardsdrifta då faren fall frå, og bortsett frå enkelte turar på sjøen vart han sidan på garden. Garden er noko tungdriven, men Hans har stelt og dyrka og fødd 5-6 mjølkekyr, ca 10 sauer og hest. Nokre år i mellomkrigsåra leia han arbeidet på damperiet ved Vartdal-sjøbuda. Hans hadde allsidige interesser og kom tidleg med i kommunalt styre og stell. Frå 1925 og nokre år utover var han forretningsførar for trygdekassa, og i heile 28 år frå 1928 var han heradskasserar i Vartdal. Han sat fleire bolkar i kommunestyret og i formannskapet. I lang tid formann i forstandarskapet for Vartdal Sparebank. Kommunale ombod den tida var ikkje til å bli feit av. Det var heller ikkje så lett farande på Vartdalsstranda den gonge, og som ambulerande tenestemann mellom dei tre bygdelaga måtte han ta mang ein hard tørn i striregnet eller i dei djupe snødrivene. Hans er ein igjennom ærleg og samvitsfull mann, som vil det som er rett. Han hadde ei sterk helse, og høgt opp i aldersomen var han aktiv heime på garden og i jobbar elles. Han gledde seg over å kunne vere til nytte og tok arbeidet som ei velsigning. Hans var gift med Ragnhild P. Myklebust (1888-1951), dei vart foreldre til seks born. Johannes tok over farsgarden, Målfrid [Vartdal] budde i Sørevartdal. Dei hine flytte or Vartdal. Peder hadde heim i Borgund, Eldrid [Roald] på Vigra, Helge i Aurdal i Oppland, medan yngstemann Reidulv [Slettedal] levde eit langt liv i Sverige til han døydde i 2023.

Hans J. Buset i 1917. Foto: Johannes Sponland, Kjelde: Fylkesfotoarkivet.mr.