1938. Av Bjarne P. Sætre

Alf var skipper på «Ramoen» i vintersildfiskja. Eg var bas og Josteb Sandvik bestmann. Elles var det same mannskapet, men vi var to mann meir på vintersildfiske, det var Leiv Myklebust og Bjarne Ringstad. Laurits O. Myklebust var stuert. Det vart gjort klar før jul. Fisket starta natt til 2. nyttårsdag, på havet utanfor Florø. Vi lasta opp om natta og fekk levere i Florø. Seinare gjekk fisket føre seg ute på havet. Silda seig so sørvover, so neste fangst var for Bualandet. So vart det fiska lenger sør, for Solsvik, Korsfjorden og Nyleia. Der blei det tatt mykje sild. Seinare var det for Haugesund. Vi hadde 2 lastar ut for Skotningen. Slutta i slutten av mars. Hugsar ikkje kvantum, men vi var høgt i laget. Brukbar tur. Etter at turen var slutt, blei båten lagd still. Den var ikkje berekna for torskefiske med line.

På tråltur med D/T «Borgenes» til Bjørnøya

Båten var frå Kristiansund, der dei hadde starta med trålfiske siste åra. Det var eldre trålarar innkjøpte i England. «Borgenes», som var på ca 300. tonn, var den først innkjøpte. Dei dreiv for Bjørnøya og Svalbard. Dei salta fisken om bord. Eg tok meg plass som fiskar for å sette meg inn i trålfisket. Eg kom om bord i slutten av april. Skipperen heitte Gundersen. Det var ein flink og grei kar. Mannskapet var delvis frå Kristiansund, men storparten var frå Averøya. Det var svært flinke folk, dei kunne sine ting med stell av fisk.

På tur nordover anløpte vi Tromsø. Seinare til Bjørnøya. Fisket var bra. Der var mykje engelske og tyske trålarar. Dei isa fisken og gjekk til sine heimland med den. Det hende vi kom bort i mykje småfisk. Vi kunne fylle dekk i eitt hal, men det var berre å skufle det over bord og flytte til ny plass. Vi hadde ekkolodd, men det var berre djupta vi kunne ta. Vi avslutta fisket ved Sørkapp. På heimveg stakk vi ut trålen vest for Bjørnøya, ein plass med mykje rødfisk. Vi fylte midtbingen med stor, fin rødfisk. Tok den med til Harstad. Folk der fekk kome og ta med seg rødfisken gratis. Kom inn i 4-tida om morgonen, det kom straks folk og tok hand om rødfisken. «Borgenes» leverte fisken i Harstad.

Eg mønstra av. Trålaren «Angle», den største som var i Kristiansund, kom inn samtidig. Skulle til Kristiansund og levere. Eg takka mine kameratar om bord for laget. Det hadde vore støvende greier karar å vere saman med. Eg blei med «Angle». Reiste i fint vårver sørover leia. Skipperen heitte Ivar Øverås. Han hadde tidlegare vore skipper på Ålesunds-skuter. Vi feira 17. mai på veg sørover. Det var 2 trålarar til i Kristiansund, «Nordhav I» og «Nordhav II». Byen var ein kjend klippfiskby. Det var mange som kjøpte fisk og eksporterte fisk. Dei var delvis medeigarar i båtane. Etter at eg kom heim, var det som ein liten ferie.

På sildetur til Island med D/S «Ramoen»

I midten av juni var det å gjere klart for Island. Det var ei god stund før det kom sild dette året. Vi skulle levere 500 tønner med ein lastebåt, som kom burt og henta sild frå floten. Silda som var der, var innafor linja. 3 kvartmil måtte vi vere frå land. Vi tok sjansen på ei stor åte som var på kanten av linja. Fekk eit stort kast. Vinden stod frå land. Vi la båten på nota, so vi dreiv fort frå land. Vi salta 450 tønner av det kastet. Lastebåten låg saman med oss, til vi var klar å levere. Vi la til på sida av båten. Lossa om bord etter kvart som vi slo botnar i tønnene. Fekk salt og tomtømmer tilbake. Den turen salta vi ca. 3000 tønner. Utanom last i båten, vart det sendt heim på lastebåtar. Avslutta først i september. På heimturen fekk vi dårleg ver. Måtte legge bakk ei natt. Netto lut ca. 600 kroner. Vi hadde no fått radiosendar. Det hadde no kome på mange fiskebåtar.