Folk frå fortida – Bertel Rot

Bertel Rot (1884-1961) var son til Bernt Kolbeinsson og Ingeborg Knutsdotter på Øvste-Rot. Det var 8 born i heimen, og då dei vaks fram, laut dei ut etter kvart. Bertel, som var den nest yngste, dreiv sjøen. Han kosta båt saman med broren Knut [Solevåg] og brukte den i mange år. I 1914 gifta han seg med Josefine Solevåg og vart i tida fram 1931 far til 8 born, 7 av dei gutar. Han bygde ny stove på heimegarden. Garden var brattlendt og vanskeleg å dyrke, det var såleis nok å gjere for seige og trottige hender. Mange steinrabbar måtte bort. Bertel tok fatt, og etter kvart vart det atteleger og fin voll. Om vinteren var det å drive fram famnved. Inn imellom var det å ta færingen og ro til dei vissaste fiskeplassane. I juli 1940 kom fonna ein dag og tok einaste dottera, 24 år gamle Kjellaug. Skreda førte henne med seg heilt til sjøen. Samstundes vart mykje av beste bømarka øydelagd. Bertel og kona bar sorga med tolsemd. Ein sommardag sist i 1940-åra overlevde han eit lynnedslag (Sjå Minne frå Vartdalsstranda 2024:34f). Hausten 1899 var Bertel elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta, så frå ungdomsåra kom han med i ungdoms- og fråhaldsarbeidet og heile livet var han ein varm talsmann for sine hugmål. Gjennom mange år var han krinsen sin målsmann i bygdestyringa. Han vart vald inn i skulestyret i 1915, seinare var han medlem i heradsstyret og ei tid styremedlem i Vartdal Sparebank. Dessutan var han ein trurøkjen tillitsmann for Venstre i Bukta-krinsen. Bertel var eit godt menneske og ein gild granne. Han brådøydde på Bukta-skulen då bygdefolket der heldt basar. Sonen Johan, som døydde 16 år gammal, og sønene Karl, Olav og Bjørn, var alle busett på Rot.

Bertel Rot i 1907.