Meny Lukk

1937. Av Bjarne P. Sætre

Vinteren 1937 var eg bas på «Polhavet». Mannskapet var stor sette det sme som åra før. Fisket starta først i januar. Det vart ein stormvinter. Fisket gjekk føre seg frå Florø til Korsfjorden, seinare Haugesund. Seinare var vi ved Runde og Stad Vi var heldige, hadde ca 9000 hl. Vi var best av ishavsskutene.

Bas ombord i «Havglytt»

Då «Polhavet» slutta av for å gå i isen, vart eg boden plass som bas om bord i «Havglytt». Eigaren av båten, Laurits Myklebust, hadde vore skipper. Han gjekk no i land og sette basen, som var frå Nordland, ogso i land. Det var i slutten av vintersildfisket. Laurits ringde til meg og baud meg plass som bas. Eg tok jobben. Jostein Sandvik, som hadde vore bestmann, vart no skipper. Det blei ikkje store fangsten. Hugsar ikkje kvantum. På forfangstsilda var eg bas med «Havglytt». Jostein Myklebust, son til Laurits, var skipper. Jostein Sandvik bestmann. Vi starta på Buagrunnen. Seinare for Veidholmen. Til slutt kom vi til Brønnøysund og Rørvik. Vi hadde delvis småfangstar, men det vart ikkje so mykje av det. Vi hadde eit steng på nokre hundre hl. Eg kan hugse vi gjekk ein tur på Sklinna. Vi ankom om kvelden og kom bort i eit stort sildeflak, men ho var so snar at vi fekk ikkje kaste. Om kvelden gjekk vi inn på hamna. Det var ei god hamn med moljar mellom holmane. Om natta bles det opp med full storm, som varte i tre dagar, so vi vart liggande og spele kort. Slutta av turen i mai.

Om bord i «Ramoen»

I mai kom eg om bord i «Ramoen». Han låg på verksted på Liaaen. Alf, bror min, kom samtidig. Han skulle vere skipper. Han hadde vore skipper på bergensbåten Senior. Det var ein heil del som skulle gjerast på båten før vi kunne gå til Island. Vi fekk då motorar i notbåtane. Før midten av 1930-åra vart nota rodd ut med tre par årar på kvar båt. Då det kom motorar i notbåtane, blei det forbode å bruke meir enn ein med motor. Den andre måtte roast. Dette forbodet stod ved lag til først i krigen. På Island var vi ikkje so nøgne på det, der var det ingen som kontrollerte. Då vi fekk motor i notbåtane, fekk vi drift på spelet. Før hadde vi snurpa lina med handspel. Det vart ein stor lette. Notbåtane våre var under bygging i Tresfjord. Dei hadde tatt på seg so mykje arbeid. Eg måtte reise inn og ha tilsyn med motorane og båtane. «Ramoen» var ferdig, so vi reiste i slutten av juni. Alf var skipper og eg bestmann, Ivar Tunheim maskinist, Daniel Juliebø assistent, Jostein Sandvik, Johan Osen stuert. Andre var Odd Bjørndal, Ragnvald Myklebust, Karl Bjørkavåg, Bernt Barstad og Laurits Myklebust. Vi kom til Island 1. juli og starta visket nordvest av Kapp Nord. Det var første året vi fiska sild so langt vest. Vi fekk ei stort kast med same vi kom ut. Det friska på med nordost kuling. Vi måtte sløre unna med sakte fart mens vi salta silda. Seinare kom vi til Adelvik og måtte ankre der for dårleg. «Polhavet» låg i Stretet. «Polhavet» måtte gå til Isafjord med maskinist Ola Øvrelid, grunna sjukdom. Han døde på veg frå kaia til sjukehuset. Han hadde sikkert pannehulebetennelse som hadde slått seg på hjernen. «Polhavet» kom og la seg på sida med oss, som låg i Adelvik. Det var ei tung stund. Ola låg død i livbåten. Det var ein kjernekar på alle måtar. Vi hadde vore i lag og vore gode venner. «Polhavet» gjekk heim etter dødsfallet.

Salting

Sildefisket fortsette godt. Vi hadde begynt med matjessild, dei kallar. Det var meir arbeid med den, men vi betre pris. Den var kverka og hadde innmaten utdregen. Svært lettsalta, og med 20% lake blanda av salt og sukker. Vi hadde laga ein tank med høveleg matjeslake (tilpassa med saltmålar) på brua. Frå den hadde vi slange med tappekran til påfylling av tynnene. På den måten fekk vi jamn styrke på laken. Saltgehalten var svært viktig ved matjesproduksjonen. Matjestynne måtte leggast på kjølelager ved heimkomst. Vi sende heim ca 1600 tønner med lastebåtar. 1400 tønner var last i båten heim. Når vi sprengsalta sild, brukte vi metta saltlake. Vi hadde 4 saltarar, ein på kvar side framme ved baugen og ein på kvar side bak ved keisinga. Det galdt å vere rask. Ein øvd saltar la ei tynne på eit lite kvarter. Saltarjentene i land var endå raskare. Så slo saltaren i tynneloket og slo på bandet. Når mange nok tynner stod klar, vart dei vinsja i romet etter loggkrokane. I romet vart dei liggande på tvers, lag etter lag. Vi stua tynner heilt oppunder dekk på denne måten. Siste tynnene sparka vi plass, liggande. Tynnene var stua slik, var ein stød last. Etter vi kom heim, gjekk vi til Stockholm med last. Luten netto ca 500 kr. Etter heimkomst vart båten lagd still til vinterfisket.

Kle og hanskar

Det var ofte mykje skodde på Island. Sommarstemperaturen var gjerne som i Norge. Likevel hadde vi alle ull-underkle. I tillegg var det dongeri og oljekle. Det var vanleg med hanskar når vi salta. Det hende vi fekk svollar og kveis i huda. Enkelte kunne vere plaga med gjø. Elles hadde vi ei velfylt medisinkiste med den tids medisinar. Vi som hadde styrmannsskulen, hadde opplæring i førstehjelp. Eg måtte ein gong skjere ein stygg svoll innmed beinet på ein peikefinger. Det gjekk bra. Viss det var blodforgift, måtte vi avbryte og gå til land.

Mat og måltid

Stuerten laga all varmmaten, skrella poteter og steikte brød. Det var ingen latmannsjobb. Han hadde ingen å hjelpe seg. Det var først i slutten av trettiåra det beli vanleg med messegut i byssa. «Ramoen» fekk messegut i 1937. Vi hadde med saltkjøt, flesk, spekeskinker og boksemjølk heimanfrå. På Island provianterte vi fersk-kjøt, både storfekjøt og sauekjøt. Elles hadde vi sjølvsagt allslags fiska av finaste slag, Vi leid såleis inga naud i matvegen. Middagsmaten fekk vi aust opp i skipsbakkar ut gjennom byssedøra. Vi hadde ikkje messe, derfor tok vi med maten fram i lugaren, eller vi skaffa på lukekarmen eller kvar det måtte vere. Offiserane skaffa akterut. Dei hadde vanlege plettar, ikkje bakkar. I lugaren forut hadde dei kvar si matskuffe i benken. Der hadde dei brød, smør, boksefløyte og eventuelt pålegg som ost, sirup og sylte kvar hadde kjøpt inn før tur. Turrmaten åt dei der. Stuerten ordna for dei som var akterut. Lugaren framme hadde køyar til 14 mann. Av dei var 2 dobbeltkøyar. Der var kolomn om bord.

Kolinga

Vi tok om bord så mykje bunkers som råd var heimanfrå, då kolet var svært dyrt på Island. Vi fylte baksane, resten hadde vi i romet. Mannskapet var med og tok opp frå romet og hadde bak i baksane. Derifrå var det maskinfolka som tok det bak og skufla på fyren.