Ishavsskuta «Polhavet» kosta sildebruk. Eg vart boden jobb som bas. Eg var sterkt i tvil om eg skulle ta det på meg. Det var Sigurd Strand, som eg hadde vore saman med nokre år, som anbefalte meg og som anmoda meg å ta jobben. Det vart mest nordlendingar, hordalendingar og rogalendingar som var basar på sunnmørsbåtar. Dei dreiv landnotfiske etter sild, og var vande med å bruke loddsnor med eit blylodd i. Det var å leite opp silda med loddet og kaste etter den. Loddet viste kor djupt silda stod og tettleiken på stimen. Ishavsskutene slutta turen før sildefisket var slutt. Då reiste dei i isen på selfangst.
Johan J. Vartdal (Pe-Johan) var skipper på «Polhavet». Det var ein grei og særdeles dyktig kar. Ola Øvrelid var maskinist, ein flink og lettliva kar. Bestmann Benjamin Haddal. Han hadde tidlegare vore skipper på «Polhavet», òg ein flink mann. Mannskap på ishavsskuter var ofte unggutar. Dei kunne vere uvande på snurpefiske. Vi hadde nokre eldre bevante: Hans E Vartdal, Sverre Myklebust, Ragnvald Myklebust, Johannes Kristoffersen, Johannes Barstad og Hans Vartdal, son til Ragnvald Vartdal som bodde ved Horten.
Sigurd Strand hadde slutta på «Havmann». Det året var han bas på «Njørd». Skipper var Bernt Rotnes, som eg var i slekt med. Vi heitte etter same mannen, bestefaren vår. Under klargjering til fisket sat eg ein kveld om bord i «Njørd», då fekk eg mange nyttige tips med Strand. Det galdt djupta på silda og hensyn til snora under roarfart. Alle dei forklaringane eg fekk med han, kom godt med for meg. Eg har mykje å takke Strand for. Det var ein flink kar. Litt av ein skøyer òg.
Første silda fekk vi 6 kvartmil vest av Kråkenes. Det var spakeleg vind, men stor sjø etter ein storm. Silda var samla, og den var ikkje god å berge. Det var dei som fekk velta notbåtar under berging av silda. Det var viktig å få passeleg med sild i nota, men då måtte ein sette ut lite not. Då var det lettare å få bomkast. Vi gjorde 2 kast med lite not, men då vart det bom. Eg tenkte at det går ikkje for ein nybegynnar å kaste berre bom. So neste kast langa eg ut meir not, då blei det både nok og for mykje. Silda sette ned, so vi måtte skjere so båten ikkje velta. Vi fekk ca 800 hl. Det vart å gå til Bergen for levering og for reparasjon av nota.
Seinare gjekk fisket føre seg ved Bulandet, Steinsund og på Hjeltefjorden. Vårsildfisket ved Karmsundet og Skudenes, seinare ved Svinøya, på Eltvika og Goksøyrvika. Etter forholda gjekk det bra. Vi vart nummer 2 i fangst av ishavsskutene. Vi hadde ca 12.000 hl.
Etter eg slutta på «Polhavet» var eg ei kort tid om bord i ein snurpar frå Ålesund som heitte «Sleipner». Skipper var Ragnvald Blindheim. Basen slutta. Vi hadde eit par fangstar.
Torsketur til Island
Eg gjekk om bord i «Osnes» som bestmann. Mannskapet var det same som før. Onkelen min, Severin Rekkedal, var flekkar. Han var ein eldre mann som hadde reist som flekkar lenge. Han var svært snar å flekke. På overturen anløpte vi Fuglefjord. Vi var mange båtar som låg der samtidig. Til å begynne med var å fiske ved Vestmannaøyane. Vi brukte ein del ved Grindavik, 3 kvartmil av. På slutten av turen brukte vi berre ved Jøkulen. Torsken det året var større og mykje feitare enn åra før. Elles fekk vi ein heil del kvitlange. Det såg vi ikkje før. Torskefisket ved Vestmannaøyane og Sørvest-Island har gått i periodar. Frå 1905 til 1913 var ei periode med godt fiske. Seinare svært labert til 1928. Då tok det il med godt med fiske. Rekkedal hadde vore med i den første perioden. Han sa at no vart det som det hadde vore i 1913. Då var fisken feitare, og det kom til ein del kvitlange. Rekkedal fekk rett. Dette var det siste året med godt fiske. Eg har merka meg at langa må ha høgare temperatur. Det var vel årsaka til at torsken trekte nærmare Vest-Grønland. Vi fekk kvantumet dette året og, men det vart meir brukt. Vi var på heimtur 17. mai med ein fangst på 75 tonn.
Torsketur til Bjørnøya
Det vart å gjere klart for ny tur med same vi kom heim, no var det til Bjørnøya. Vi stoppa i Tromsø før vi drog vidare. Brukta starta vi vest av øya. Det var svært kaldt då vi kom opp. Fisket var bra, men småfallen fisk. Det var alltid feit fisk ved Bjørnøya. Vi flytte seinare til nordvest av øya. Og der vart vi det meste av tida. På heimturen stoppa vi i Tromsø for bunkring og vatn. Vi kom heim i slutten av juni. Turen vart rekna forå vere brukbar, ca 65 tonn.
Sildefiske ved Island
Det vart klargjering for tur og avgang 1. juli. Same mannskap. Kom i fangst på Grimsøyflaket. No var det salting om bord for levering til lastebåt. Vi leverte 450 tønner til ein båt som heitte «Lilly». Fekk tilbake tom tønner og salt. Fiska last i Osnes for heimtur. Kom til Ålesund den 29. juli.
Ny sildetur til Island
Leverte lasten og tok om bord salt og tønner. Avgang frå Ålesund 1. august. Vi kom til Grimsøyflaket. Der var godt om silda. Vi gjekk inn på hamna på Flatøya når vi tok pause. Det gjekk so fort å fiske i båten. Vi måtte kaste kol over bord. Mens vi låg på Flatøya, fekk folket der take det kolet dei ville. Det var stor trafikk av småbåtar som henta kol. Det var kjærkome, der var ikkje skog på Flatøya. Eg må føye til at kola var mykje dyrare på Island enn i Norge. Vi fekk ligge inne og salte og ordne med silda i smult vatn. Vi gjekk berre ut og tok sild på dekk og gjekk inn på god hamn og odna med silda der. Det vart ikke anmeldt av befolkninga. Vi hadde berre lov å ordne med silda ut om tremilsgrensa. 25. august var vi på heimtur.
Etter heimkomst var eg ei stund og pussa «Osnes», som låg på verksted. Det var no kome radiosendar på fiskebåtar. For å betjene dei vart det kravt sertifikat. Det vart sett i gong i kurs i Ålesund. Elevane bestod av skipperar, mange eldre. Eg var visst den yngste. Mange av dei var interessante folk, kvar på sin måte. Læraren hadde etternamnet With. Han tok det muligens vel høgtideleg overfor desse eldre skipperane, so det vart mange skøyige stunder. Vi bestod eksamen alle saman.
Om hausten vart «Ramoen» innkjøpt til Vartdal. Det var ein trålar kjøpt i Göteborg. Båten var på nærare 300 tonn. Arne Blankholm var skipper, Ivar Tunhiem maskinist og Ole Røyset assistent. Eg og Rasmus Sætre, Johan J Vartdal og Leif L Myklebust bestmann, hadde ikkje sertifikat for båtar over 200 tonn. Vi reiste og henta båten i slutten av november, men blei liggande i Göteborg ei 14 dagar. Det var ein del som måtte ordnast på båten. Båten vart lagd på Liaaen. Det måtte ein del forandringar til for det fisket den no skulle drive.