Meny Lukk

Folk frå fortida – Andreas J. Aarset

Andreas Johannesson Aarset (1892-1948) var frå Mellagen på Årset og tok i si tid over drifta av garden etter foreldra. Mellags-Andrias var ein evnerik kar. Heimen hans på Årset var som eit lite kultursentrum der alle var velkomne. Han slo jamt av ein prat, når ein gjekk forbi. Og prate kunne han. Fortelja og referera. Ætter og hendingar hadde han i minnet som perler på ei snor. Jau, han var av den «gamle garde». Han treiv ikkje berre etter ein strengende til surring når noko gjekk i sund. Han kunne vri ei vidje og smida ein nagle. Formann 1905-07 i skyttarlaget. Mangt vart han vald til, også kommunalt. Og alltid gjorde han seg mykje fyre. Men til slutt fekk han vegvaktarjobben, og kven kann gjera det ulastande? I fråhaldsarbeidet var han ei kraft. Serleg var han glad i song og musikk. Han stod som formann i Årsetdalens mannskor. Og det var under ei øving der, han so brått fekk reisebod.

Andreas var gift 1916 med Marit Knutsdotter Seljevold frå Rødven i Romsdal, ho døydde i 1934. Dei var foreldre til to jenter og to gutar. Jon, den eldste av gutane, krigsforliste i Karibiahavet i 1942. Aslaug [Sandvik] og Kåre var begge busett i Sula kommune, Kåre omkom etter å ha vorte påkøyrd av ein bil. Yngstejenta Aasta var gift og busett i Nordre Land i Oppland fylke.